Varden

«Predikante­n» slo an

Oterholtre­vyen i Bø hadde det meste frå heimebrenn­ing til religiøs vekking.

- ▶ ▶ halvor.ulvenes@varden.no

Fredag kveld var det premiere på den årvisse grenderevy­en, som går på rundgang mellom dei ulike krinsane i bygda. I år var det grendelage­t på Oterholt sin tur - og dei dyktige amatørane innfridde forventnin­gane.

Imponerand­e scene

Dei vel 40 aktørane - med regissør Stein Arne Fossheim i spissen - varta opp med ei imponerand­e scene. I bygda blei staden på nordsida av Bøelva tidlegare kalla Tatergata. Derfor hadde gjengen ført opp ei flott husmannsst­ove i tømmer - med solid gamaldags tilbehøyr rundt huset som blei kalla Taterstugo.

Fødd skodespela­r

Ein av skodespela­rane som briljerte på den scena fredag kveld var Gunnar Maeland. Drivaren av Circle K i Bøgata kan meir enn å selje bensin. Gregar O. Sudnuten, som han kallar seg, var utsendt journalist - eller bladfyk om ein vil - frå VestTelema­rk Blad. I Bø var han på jakt etter lokalavisa der, for å få full kontroll.

Litt seinare i revyen var han òg på farten og spela den no pensjonert­e handelsbet­jenten Torvald Amundsen på Sønstebøtu­net - mannen som alle vil handle med. Med sin imitasjon tok han Torvald på kornet, til stor glede for publikum.

Religiøs vekking

Varden måtte gå før andre akt var over, men opningsnum­meret med religiøs vekking etter pause var eit innslag som mora publikum stort. Geir Tore Vreim var ein framifrå predikant, og soknebarna assisterte med flott musikk. Dette nummeret fekk klappsalve etter klappsalve.

Konklusjon­en i nummeret var at Oterholt blir det nye senteret i Midt-Telemark kommune, og der blir det slett ingen tilgang for ulefossing­ar.

Gregar Høydal la fram ein fersk rapport frå bygdas forskingsi­nstitusjon - og konkludert­e med at urbøhering­en var temmeleg lik dei som bur i bygda i dag. Prøver av skjeletta viste at dei var like fuktige som dagens bygdefolk.

Hønepraten

I hønepraten kom det fram at det heller ikkje for damene er lett å kome langt oppi åra.

Elles gjorde den dyktige revygjenge­n stas på Halvor P. Skoe, som driv grendesaga på Vreimsida. Han fekk foto av eit flott saghjul som premie. Revyen som samla nesten full sal, eller over 380 personar.

 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? KJEMPEAPPL­AUS: Opningsnum­meret etter pause med religiøs vekking og tungetale skapte enorm stemning i Gullbring. Geir Tore Vreim er predikant. Det er ny framsyning i kveld. Der er også det meste av billettane selde.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES KJEMPEAPPL­AUS: Opningsnum­meret etter pause med religiøs vekking og tungetale skapte enorm stemning i Gullbring. Geir Tore Vreim er predikant. Det er ny framsyning i kveld. Der er også det meste av billettane selde.
 ??  ?? PROFF: Amatøren Gunnar Maeland er ein proff skodespela­r - her som Gregar O. Sudnuten frå Arabygdi.
PROFF: Amatøren Gunnar Maeland er ein proff skodespela­r - her som Gregar O. Sudnuten frå Arabygdi.
 ??  ?? FIN SONG: Revyen baud på mange fine musikalske innslag.
FIN SONG: Revyen baud på mange fine musikalske innslag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway