Varden

Planlegger 400 nye hytter i Vrådal

Den vesle bygda kan få milliardsa­tsing på hytter og andre fritidsbus­tader.

-

Det er det nystifta selskapet Vrådalsfje­llet AS som har planar om 400 - 500 hytter i Vrådal. Selskapet har overteke opsjonane til Vrådal Panorama og Petter Johnsen på hyttetomte­r i området. Det var Vest-Telemark Blad som fyrst fortalde om planane.

25-30 hytter i året

Frå før har dette området i Vrådal 400 hytter, så dei nye planane betyr ei dobling. Dagleg leiar i Vrådalsfje­llet AS, Frode Flåm, opplyser til Varden at intensjone­n er å føre opp 25-30 hytter i 2018.

– Så får me sjå kva dei neste åra bringar, seier han. Flåm reknar med at kvar hytte vil koste kring 3,5 - 4 millionar kroner, og med 500 hytter blir dette raskt investerin­gar på 1,5 til to milliardar kroner over nokre år.

– Me er opptekne av i størst mogleg grad å nytte lokale aktørar, legg Flåm til.

Står bak

Aksjeselsk­apet Solrikt AS eig utbyggings­selskapet Vrådalsfje­llet. Solrikt er igjen eigd av Dema Eiendom AS med 50 prosent. Frode Flåm har halvparten av aksjane i Dema og den andre parten der høyrer til Mads Nordnes.

Selskapet Virvelvind AS er den andre eigaren av Solrikt. I dette selskapet er Per Tore Teksum og Andreas Wiik aksjonaera­r. Teksum har drive i eigedomsbr­ansjen i 20 år, og har ført opp kring 150.000 kvadratmet­er med naeringsar­eal og bustader i løpet av desse åra. Han har det solide selskapet Skarpsno som konsernsel­skap - eit firma som dei siste åra har hatt finansinnt­ekter på fleire titals millionar kroner.

Ifølgje Frode Flåm er det Teksum som er det finansiell­e muskelen i satsinga i Telemark.

Ny campingpla­ss

Frode Flåm, som har sitt eige byggmeiste­rfirma, seier at Vrådal har fleire turistar om sommaren enn vinteren. No planlegg Vrådalsfje­llet AS 200-400 faste plassar for campingvog­ner. Han viser til at dette er i vinden. Leilegheit­er på høgfjellet er også ein del av planane.

Flåm seier at dei har hand om rundt 50 hyttetomte­r på høgfjellet, men at det er viktig å ha tilbod både oppe i fjellet og nede ved alpinanleg­get og kafeen.

Tyske og nederlands­ke borgarar er ein del av målgruppa som hyttekjøpa rar. Deiser Telemark som eit sikkert reisemål.

▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

 ??  ??
 ?? ARKIVFOTO ?? OVERDREG: Petter Johnsen overdreg no opsjonane på hyttetomte­r til utviklings­selskapet Vrådalsfje­llet AS.
ARKIVFOTO OVERDREG: Petter Johnsen overdreg no opsjonane på hyttetomte­r til utviklings­selskapet Vrådalsfje­llet AS.
 ?? FOTO: VRÅDAL PANORAMA ?? STORT TILBOD: Vrådal har eit stort alpintilbo­d med mange heisar og nedfartar.
FOTO: VRÅDAL PANORAMA STORT TILBOD: Vrådal har eit stort alpintilbo­d med mange heisar og nedfartar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway