Varden

Posten viktig for utvikling i Tokke

- Sverre Bakke på vegne av styret i Tokke Sp

Tokke Sp gjekk til val på mellom anna å «taka heile Tokke i bruk». Vi ser no at samferdsel­sministere­n signaliser­er at Posten kanskje bare skal levere post to gonger i veka.

Tokke Sp er sterkt mot eit slikt vedtak. Posten er ein svaert viktig aktør for oss, til å utvikle kommunen vår som består av fleire bygdelag og til dels store avstandar. Ein hevdar at ein må redusere i Posten fordi brevmengda har gått ned. Ja, brevmengda har gått ned for fleire år sidan og det har Posten, så langt vi kjenner til, teke konsekvens­ane av her i Vest-Telemark. Ruter er slege saman og blive lengre.

Det som ikkje kjem fram i denne saka er at netthandel­en har auka enormt og vil truleg gjera det vidare. Svaert mykje av pakkene frå netthandel­en blir køyrd ut til kundane av Posten. Dette har gjort at innbyggara­ne i Tokke kan handle på nettet og få levert pakka raskt på døra om dei vil eller til naermaste Post i butikk eller der Posten har avtale, slik som Cirkel K i Høydalsmo.

Postomberi­ng i distrikta og i byane er ulikt. Dette fordi ein i byane ikkje har med seg pakker i omberinga. Her må ein hente pakka på naermaste Post i butikk. Mogleg er det rett i byane å reduser, men det kjenner vi dårlegare til. Vi har naeringsli­v rundt om i bygdene våre som er sterkt avhengig av Posten få pakkene raskt inn eller ut til kundar. Det gjer Posten.

Posten er og framleis viktige på «gamlemåten» ute på bygda. Enn så lenge så er det mange, også yngre, som har papiravis. Vi har sett korleis det gjekk når Kvikkas skulle levere avis. Dei som bur avsides fekk eit dårleg tilbod om dei i det heile fekk tilbod. Det vil framleis taka ein del år før dei fleste er på nett og ein del stader er nettet dårleg om dei i det heile har nett og data. Desse skal og ha eit tilbod.

Tokke Sp krev at folk ute i distrikta framleis må få postomberi­ng fem dagar i veka. Dersom det er slik at Posten kostar mykje, så treng ein ikkje vara rakettfors­kar for å sjå at ein framleis kan rasjonalis­ere utan at det går ut over tilbodet, som i dag er svaert godt.

I dag ser ein postkasser på kvar hageport i bustadfelt. Dersom ein samlar kassene på felles stativ og godt merka kasser, slik det var når landpostbo­det vart innført, så ville Posten spare mykje og tilbodet kunne oppretthal­dast. Så kunne sjuke og uføre framleis ha kassa si på inngangsdø­ra om naudsynt , mens vi spreke måtte gå 5 min. etter avis, pass, bankkort og viktige dokument som framleis kjem i Posten.

Posten er ei av kjernetjen­estane i eit distrikt-Noreg med gode tilbod til folk og naeringsli­v.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway