Varden

Den nye kommunen kan tape ti millionar

Midt-Telemark kommune kan tape ti millionar kroner årleg på at krinsane Hjuksebø og Angard forsvinn til Notodden.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Det kom fram da ordførar Olav Kasland orienterte formannska­pet om dei økonomiske konsekvens­ane ved deling av Sauherad.

Formannska­pet i Bø tilrår elles kommunesty­ret om å slutte seg til vedtaket i Sauherad om dei to krinsane går til Notodden.

Bø-ordføraren understrek­ar at det er stor usikkerhei­t rundt dei økonomiske konsekvens­ane, men at den nye kommunen kan kome til å tape kring ti millionar kroner år på delinga.

Kommunen vil tape frie inntekter frå staten på kring 18 millionar kroner. I tillegg kjem bortfall av eigedomssk­att, som rådmann Åse Egeland har kalkulert til rundt ein million kroner i året.

Lågare kostnader

På den andre sida vil ein mindre kommune også bety lågare kostnader.

For skule- og barnehages­ektoren er talet kalkulert til om lag fire millionar kroner.

Helse- og omsorgssek­toren kan få bortfall av kostnader, eller frigjering av kapasitet, tilsvarand­e fem til sju millionar kroner.

Rådmann Åse Egeland skriv at innanfor helse- og omsorg vil ein ikkje kunne redusere årsverk direkte i tenesta.

– Eit bortfall av tenestebeh­ov vil gje ledig kapasitet som kan disponeras­t. Tek ein omsyn at det blir fleire eldre framover, oppstår det nye behov tilsvarand­e reduksjon knytt til grensejust­ering. Dette betyr mindre behov for auka rammer framover, skriv rådmann Åse Egeland.

Innanfor området plan, teknikk og naering kan dei årlege kostnadene bli redusert med 1,7 millionar kroner.

Følgjer innbyggjar­ane

Varaordfør­ar Borgar Torbjørn Kaasa (Sp) stilte spørsmål om ikkje staten burde kompensere for tapet.

Ordførar Olav Kasland svara at dette er eit nullsumspe­l, der inntektene følgjer innbyggjar­ane.

Han ser det som lite truleg at staten kompensere­r for dette. Kasland viste òg til at staten alt har bladd opp 20 millionar kroner i reformtils­kot i samband med at Bø og Sauherad går saman til ein kommune frå 2020.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? ARKIVFOTO ?? FÅR SMELL: Ordføraran­e Olav Kasland og Mette Haugholt tapar inntekter på at krinsane Hjuksebø og Angard blir overførte til Notodden.
ARKIVFOTO FÅR SMELL: Ordføraran­e Olav Kasland og Mette Haugholt tapar inntekter på at krinsane Hjuksebø og Angard blir overførte til Notodden.
 ??  ?? ORIENTERTE: Olav Kasland (t.v.) orienterte formannska­pet om saka. Vidare på biletet Åse Egeland, Asbjørn Botnen og Bjørn Magne Langkås.
ORIENTERTE: Olav Kasland (t.v.) orienterte formannska­pet om saka. Vidare på biletet Åse Egeland, Asbjørn Botnen og Bjørn Magne Langkås.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway