Varden

Bø får nytt hagesenter

- Halvor.ulvenes@varden.no

Felleskjøp­et i Bø skal byggje nytt hagesenter til kring sju millionar kroner.

Bygginga starta onsdag morgon, og bedrifta har alt søkt etter tilsette. Senteret vil sysselsetj­e 1,3 årsverk. Senteret blir på 240 kvadratmet­er og i full høgde.

Det skal stå klart 1. mai i år. Opphavleg var meininga å etablere den nye butikken i 2019, men planane er blitt forsert.

Topp tre i landet

– Moro at Felleskjøp­et vil satse i Bø. Butikken vår har no den tredje største omsetninga i landet. Den ligg på naer 70 millionar kroner, seier avdelingss­jef Kristen Bråthen.

Bråthen seier at konkurrans­en på jordproduk­t er blitt langt tøffare dei siste åra, og at selskapet tek denne investerin­ga for å vere i forkant dersom Plantasjen etablerer seg i Bø. Felleskjøp­et i Bø har totalt ei årsomsetni­ng på rundt 220 millionar kroner. Bedrifta har 23 tilsette som sysselset om lag 20 årsverk. Bråthen seier at avdelinga gjev eit bra overskot, men konsernet har som politikk ikkje å gje opp dei einskilde resultata.

Detandre

Dette er det andre hagesenter­et Felleskjøp­et opprettar. I fjor blei det fyrste etablert på Kløfta, og det har fått ei omsetning på sju til åtte millionar kroner fyrste året.

– Det står att å sjå om me klarer dette. Dette senteret blir mindre enn Plantasjen, men kundane vil finne det andre har, legg Bråthen til. Det er entreprenø­rfirmaet Groven og Karlsen AS i Bø som fekk grunnarbei­det. Onsdag var dei i ferd med å fjerne topplaget med snø og is.

– Etterpå må dei tine området. Dette betyr ekstra kostnader, men konsernet «svelgde» dette, seier Bråthen.

Telemark Byggentrep­renør på Gvarv skal stå for oppføringa av bygget i element

Bråthen er spent på korleis det blir med søknader til dei nye stillingan­e.

– Dei som skal ha jobben må ha litt peiling på planter, seier Kristen Bråthen.

▶ Halvor Ulvenes

 ??  ?? STARTA: Siren Soterud og Kristen Bråthen ved Felleskjøp­et i Bø. Bygginga av nytt hagesenter starta onsdag morgon.
STARTA: Siren Soterud og Kristen Bråthen ved Felleskjøp­et i Bø. Bygginga av nytt hagesenter starta onsdag morgon.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway