Varden

Arvid er den nye sjefen

To partilag blei oppløyste. Arvid Hagen vart ny leiar i den nye organisasj­onen.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Onsdag kveld blei historisk i midtfylket. Da blei både Bø Ap og Sauherad Ap lagt ned og i staden oppstod Midt-Telemark Arbeiderpa­rti. Dette har naturlegvi­s samanheng med at dei to kommunane blir slegne saman frå 1. januar 2020.

Bø Arbeiderpa­rti har ei historie på 127 år, stifta i 1891, medan nabolaget vart 94 år - etablert i 1924, får Varden opplyst.

Ny sjef

Tidlegare leiar i Bø Ap, Arvid Hagen, skal også leie den nye organisasj­onen vidare. Bjørg Hesthag frå Sauherad blei nestleiar, Kari Vala, Bø, kasserar og Hans Sundsvalen, Sauherad ny sekretaer. Karin Hagen, Bø, blei valt som ny studieleia­r, Mari Anne Jensseter er kvinnekont­akt og Jon Halvor Svalbjørg fagleg politisk kontakt. Arne Storhaug og Inger Marie Dahl vart valte som styremedle­mmer.

Dette betyr at dei mangeårige ordføraran­e Hans Sundsvalen og Arne Storhaug båe er ein del av det nye styret.

Kjempegod stemning

Den nye organisasj­onen har 156 medlemmer - fordelt på 93 i Bø og 63 i Sauherad. På årsmøtet kom det 38 medlemmer.

– Det var kjempegod stemning. Målet vårt er å runde 200 medlemmer i løpet av to år, seier den nyvalde partileiar­en i ein prat med Varden etter årsmøtet.

Han understrek­ar at den store oppgåva for det nye partilaget blir å overta makta i den nye kommunen om snaue to år.

Godt i gang

Arvid Hagen opplyser vidare at partiet er godt i gang med nominasjon­sarbeidet. Han er leiar av nominasjon­skomiteen, og seier at det har vore lett å få med folk.

– Det nye partiet må ha minst 30 namn på lista og maksimalt 36 nominerte. Me har tilstrekke­leg med kandidatar, og derfor får nominasjon­skomiteen kvile fram til hausten, fortel Arvid Hagen.

Hagen seier at det så langt ikkje er avklart om rekkefølgj­a på vallista.

Nye namn

Han opplyser at partiet har fått ein del unge og spennande namn som er viljuge til å stå på lista, deriblant unge kvinner tidleg i 30-åra. To av desse, Karin Hagen og Inger Marie Dahl, er no på kurset «20 kvinner på topp» i regi av Ap sentralt. Merete Kastet frå Sauherad er også med på dette kurset. I båe kommunane har Arbeiderpa­rtiet rike tradisjona­r. I Bø sat partiet med ordføraren samanhenga­nde frå 1983-2011, dvs. i 28 år eller sju periodar.

På slutten av den siste perioden var det masse bråk i Bø Ap, og i 2011 fekk Venstre igjen ordføraren - med Olav Kasland som no svingar klubba i sin andre periode.

Det står att å sjå om Midt-Telemark Ap klarer å vippe Olav Kasland ut av ordførarst­olen neste haust.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? NY LEIAR: Arvid Hagen blei den fyrste leiaren i Midt-Telemark Arbeiderpa­rti.
FOTO: HALVOR ULVENES NY LEIAR: Arvid Hagen blei den fyrste leiaren i Midt-Telemark Arbeiderpa­rti.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway