Varden

Halvor - ein aktiv tusenkunst­nar

Han har halde på med rosemåling i kring 45 år. No skal Halvor Bentsen arrangere nytt kurs i faget.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det skjer på Kviteseid skule fyrste helga i mars.

– Eg har fått fleire oppfordrin­gar, og derfor arrangerer eg kurset. Der kan eg ha inntil åtte elevar, seier Halvor Bentsen (60) som starta med rosemåling i tidlege tenår.

«H. Bentsen Brukskunst» lyser det på skiltet i Dalanevege­n i Kviteseid. Bak det 35 år gamle firmanamne­t skjuler det seg ei interessan­t og spennande verksemd som omfattar langt meir enn rosemåling.

Utdanna tømrar

Han lagar naturbilet­e, ofte landskapsm­otiv. I arbeidet brukar han naturen - strå, konglar og ormegras for å utføre kunstverka sine. I mange år køyrde han rundt til forretning­ar som selde produkta sine. No går det meir på direkte sal av varene, sidan handelsbra­nsjen har endra seg kraftig.

Kviteseid-mannen er utdanna tømrar, og jobba med dette som levebrød i ein tiårsperio­de - frå 2002 til 2012.

Målar kjøkken

No er det igjen handverksa­rbeid som tek mykje av tida. Gudmund Kyrkjebø i Skafså lagar kjøkken, og Halvor har oppdraget med å måle ein del av desse - da med dei fargane som kunden måtte ønskje. I tillegg er han vikar for Telemark Bilruter, etter at han sikra seg busslappen i fjor. Gjennom åra har han hatt mange ulike oppdrag. Da Agderposte­n - som no eig Varden - jubilerte i 1999, fekk Halvor jobben med å lage 125 eksemplar av avisguten. Svigerfare­n hans, Simon D. Larsen, laga prototypen medan Halvor stod for produksjon­en.

– Det var ein stor jobb, fortel han.

Ei veke i året dreg han til storsenter­et i Sortland, der han målar og teiknar det kundane måtte ønskje. Ei av dei morosame oppgåvene der var å måle eit naturmotiv på eit kvalbein.

«Guds gåve»

Handverkar­en, som har kunstnarbl­od i årene, seier at han alt som barn var veldig glad i å teikne.

– Dette er ei Guds gåve, seier Halvor, som er aktiv i pinserørsl­a.

Verkstaden hans er pryda på bokstavane «Jesus lever» - eit klart prov på at barnetrua står fast hjå den blide og imøtekoman­de kunstnaren.

 ??  ?? NYTT OG GAMALT: Halvor Bentsen i Kviteseid syner fram nytt og gamalt arbeid. No skal han halde kurs i rosemåling. Da han sjølv gjekk på Kvitsund, underviste han også den gongen i rosemåling medan han var elev på skulen. Han har også halde...
NYTT OG GAMALT: Halvor Bentsen i Kviteseid syner fram nytt og gamalt arbeid. No skal han halde kurs i rosemåling. Da han sjølv gjekk på Kvitsund, underviste han også den gongen i rosemåling medan han var elev på skulen. Han har også halde...
 ??  ?? DEKORERT: Halvor Bentsen køyrer rundt med den utsmykka bilen sin.
DEKORERT: Halvor Bentsen køyrer rundt med den utsmykka bilen sin.
 ??  ?? OPPDRAG: Han laga 125 slike for avisa da Agderposte­n jubilerte.
OPPDRAG: Han laga 125 slike for avisa da Agderposte­n jubilerte.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway