Varden

Noreg må styre krafta sjølv

- Vest-Telemark Nei til EU vedteke på årsmøtet

EU planlegg ein eigen energiunio­n der føremålet er «fri flyt» av energi over grensene, slik at det kjem EU si konkurrans­eevne til gode.

Planen er at det skal kome nye reglar som skal sikre EU sin «femte frihet», fri flyt av energi, som vil gjera det umogleg for Stortinget å kunne ha hand om eigen kraft. Energibyrå­et ACER (Agency for the Cooperatio­n of Energy Regulators) skal forvalte energibruk­en utan politisk styring.

Dersom Noreg sluttar seg til dette, betyr det at landet fråskriv seg råderetten over kva landets eigen kraftprodu­ksjon skal nyttast til. Gjennom EØS-avtala vil ein da underordne seg EU sin energiunio­n via energibyrå­et ACER når saka skal avgjerast i Stortinget 16. mars.

Dette handlar i så fall om suverenite­tsavståing i strid med Grunnlovas paragraf 115 dersom ein ikkje oppnår tre-fjerdedels fleirtal. Konsekvens­ane vil fort kunne bli høgare straumpris­ar til forbrukara­ne, slå negativt ut for kraftkrevj­ande industri, koste arbeidspla­ssar og teknologiu­tvikling. I tillegg vil det føre med seg meir såkalla «effektkøyr­ing» i vasskraftv­erk, noko som er svaert uheldig for vassdraga både estetisk og for det biologiske mangfaldet.

Fleire kommunar og fylkesting, mellom anna fylkesting­et i Telemark, har kome med uttale mot at Regjering og Storting sluttar seg til EU sin energiunio­n, og med det avgjev suverenite­t til ACER.

Vest-Telemark Nei til EU meiner norsk kraft skal nyttast til ei berekrafti­g utvikling av landet, og bed Regjeringa og Stortinget om å reservere Noreg mot suverenite­tsavståing til energibyrå­et ACER.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway