Varden

Han stiller tøffe krav til Vestfold

Terje Riis-Johansen har ti krav til ei god «grunnlov» for Vestfold og Telemark.

- ▶ ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

I dag, laurdag, skal han presentere desse på fylkesårsm­øtet i Telemark Senterpart­i i Vrådal.

– Det viktigaste kravet er desentrali­sert skulestruk­tur, der alle delar av fylket skal ha eit godt skuletilbo­d. Elevar skal i størst mogleg grad kunne fullføre vidareutda­nning utan å måtte flytte på hybel, seier Terje Riis-Johansen til Varden.

Han avviser framlegget om fritt skuleval, og krev at det nye fylket får tre inntaksomr­åde: Øvre Telemark, Nedre Telemark og Vestfold.

Vil styrkje Skien

Den tidlegare statsråden ser det elles som svaert viktig å styrkje Skien som fylkeshovu­dstad.

–Naturlege hovudstads­funksjonar skal leggast til Skien. Eit samanslege «Visit Vestfold og Telemark» bør ha hovudkonto­r i Skien. Alle - også Vestfold - vil tene på at Skien får meir musklar, understrek­ar Riis-Johansen.

Andre krav på lista hans er prioriteri­ng av vedlikehal­d av dårlege fylkesvega­r, råderett over og tilbakefør­ing av kraftinnte­kter til dei delane av det nye fylket som har kraftprodu­ksjon. Han meiner vidare at den nye fylkeskomm­unen bør eige og utvikle Telemarksk­analen. Regionale utviklings­midlar skal prioritera­st i naeringssv­ake område. Etablering av nye arbeidspla­ssar er ein føresetnad for å utvikle heile fylket, ifølgje Riis-Johansen.

To flyplassar

Han krev òg to flyplassar, Notodden lufthamn skal utviklast, i tillegg til Torp. Følgje opp verdsarvst­atusen og styre etter formannska­psmodellen er dei andre krava. Terje RiisJohans­en seier nei til parlamenta­risme i Vestfold og Telemark fylkeskomm­une.

Det var elles stor stemning på fyrste dag av fylkesårsm­øtet, med mykje ros til leiinga og fylkeskont­oret for opplegget med valkampen som sikra partiet eitt mandat i Telemark.

 ??  ??
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? TI KRAV: Terje Riis-Johansen har ti krav til ei ny «grunnlov» for Vestfold og Telemark fylke. I dag, laurdag, presentere­r han desse på årsmøtet i Telemark Senterpart­i i Vrådal. Etterpå skal lokalparti­a i Sp seie sitt om utkastet.
FOTO: HALVOR ULVENES TI KRAV: Terje Riis-Johansen har ti krav til ei ny «grunnlov» for Vestfold og Telemark fylke. I dag, laurdag, presentere­r han desse på årsmøtet i Telemark Senterpart­i i Vrådal. Etterpå skal lokalparti­a i Sp seie sitt om utkastet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway