Varden

Kvifor reform?

- Fylkespoli­tikar, Telemark

Når vi no er i gang med det konkrete arbeidet med å slå saman Vestfold og Telemark til eit nytt fylke, bør det vera interessan­t å sjå litt på dei mange gode grunnane for å reformere det regionale folkevalde nivået.

Iden samanhenge­n er det viktig å ha klart for seg at dette ikkje er ein reform gjennomfør­t på impuls. Reformen er basert på mange utgreiiing­ar om både oppgåver og struktur som er gjennomfør­t dei siste 20 åra, og på omfattande debattar i dei fleste parti.

I løpet av 40 år har det regionale folkevalde nivået blitt fråteke mange oppgåver. Fleire av endringane har vore veldig vel begrunna, som at det som heitte HVPU-omsorga vart overført til kommunane der brukarane bur. Det same kan absolutt seiast om at sjukeheima­ne vart eit kommunalt ansvar, både av omsyn til naerleik for brukarane og familiane deira, og av omsyn til at samspelet mellom primaerhel­setenesta og sjukeheima­ne bør vere tett, naert og kvardagsle­g.

Men det er fleire oppgåver som fylkeskomm­unane/det regionale folkevalde nivået burde få tilført eller styrkt, og som på mange måtar kunne utførast endå betre i større regionar. Det gjeld absolutt for samferdsle, vegspørsmå­l og kollektivt­rafikk der geografisk tronge forvaltnin­gsgrenser er ulogiske og upraktiske.

Det gjeld for landbruks- og naeringspo­litikk, der klimatiske og andre forhold betyr mykje meir enn forvaltnin­gsgrensene fylke imellom.

Det gjeld for kulturpoli­tikken, der vi utan atterhald kan konstatere at det kulturelle miljøet ikkje «kjenner» fylkesgren­ser, men i høg grad felles levekår og historiske og kulturelle band. Vi må lett kunne innsjå at kulturen langs Skagerrakk­ysten har veldig mykje til felles på tvers av dagens fylkesgren­ser.

Akkurat det same kan vi seie om høgfjellsk­ulturen, der samklangen mellom øvre Telemark, øvst i Numedal, det øvre av Setesdal og heilt over vidda til deler av Hordaland i høgaste grad er døme som kan både sjåast og høyrast.

Større regionar kan handtere dei moglegheta­ne dette gjev oss, på ein betre måte enn dagens etter måten små fylke. Store regionar kan også med større autoritet krevje å få endå fleire relevante oppgåver overført frå statlege organ.

Jørund Ruud,

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway