Varden

NS-agenten som melde sin eigen brorelde sin eigen bror

Han gjekk ut av NS for å infiltrere motstandsr­ørsla i øvre Telemark. Reidar Resen Mandt melde sin eigen bror til Gestapo.

-

▶ I infiltrasj­onsarbeide­t hadde han dekknamnet «Odd Klever».

Reidar Resen Mandt vart fødd på Dalen i Tokke 28. juni 1920 som nummer fire i ein syskenflok­k som etter kvart blei til det doble. Foreldra dreiv ein middels stor gard i lag med bestefaren til Reidar. I 1912 overtok foreldra bruket , men fekk - som mange andre bønder - store økonomiske vanskar i 1920-åra.

I 1927 gjekk garden på tvangsauks­jon, og ein slektning kjøpte eigedommen med lausøyre for 17.000 kroner. Ein del av avtala var at dei førre eigarane kunne få bu på garden så lenge dei ønskte dette, men Mandt-familien flytta snart til Skien.

Etablerte seg i byen

Reidar Resen Mandt gjekk folkeskule­n og seinare kveldsskul­e i fylkeshovu­dstaden, medan faren prøva seg som slaktar. Reidar arbeidde i slakteriet fram til 1936/37, for da flytta foreldra tilbake til garden i Skafså.

Reidar Resen Mandt etablerte seg i byen og fekk jobb på Bakken skofabrikk. Ei tid var han med i klubbstyre­t der.

Alt før krigen var både han og bestefaren interesser­t i NS, men Reidar melde seg ikkje inn før etter tala til Josef Terboven i september 1940. Lokalhisto­rikar Ingvar Skobba skriv i boka «Krigen i Telemark 1940-45» at motiva var politiske, men òg influerte av ein ung mann på jakt etter inntekt og stilling i samfunnet.

Inn i Hirdhuset

Han slutta på skofabrikk­en i 1941, var innom ein byggmeiste­r og jobba som postbod, før partiarbei­det tok stadig meir tid. Reidar Resen Mandt gifta seg i 1942, og paret fekk ei dotter. Etter kvart fekk han organisato­riske oppgåver ved lagskontor­et i Hirdhuset, som låg i Festivitet­en i Skien.

Skobba skriv at det er litt usikkert når agentverks­emda starta,men Reidar Resen Mandt hevda sjølv i eit avhøyr i oktober 1944 at han hadde råka på Bernt Odmar Larsen på eit gymnastikk­parti i Skien hausten før. Larsen hadde tenestegjo­rt på austfronte­n til mai 1942 da han blei såra og sendt heim. I Telemark bruka han dekknamnet Bjarne Hansen som mellommann med det tyske sikkerheit­spolitiet Gestapo i Larvik.

Han var førar for Hirdregime­nt nr. 3 og hadde kontor i Hirdhuset. Bernt Odmar Larsen verva folk til Førergarde­n, vaktmannsk­apa til Vidkun Quisling.

Reidar Resen Mandt byrja som slik vakt i november 1943, men neste vinter besøkte Bernt Odmar Larsen han i hovudstade­n og overtalte han til å dimittere. Dette var Reidar Resen Mandt svaert positiv til fordi han var «plattfot, svaksynt og farveblind», som han sjølv uttrykte det seinare.

Lova god stilling

No blei Reidar Resen Mandt agenten som skulle rulle opp motstandsa­rbeidet heime i Skafså og på Dalen. Han melde seg ut av NS 15. mai 1943 og sa opp jobben i Posten. Den hadde han formelt hatt medan han var vakt for Quisling på Gimle i Oslo. Den nye NS-agenten flytta med kona og barn til Skafså. Den offisielle forklaring­a var jordbruksa­rbeid.

Han skulle unngå all kontakt med NS-folk og i staden prøve å få innpass i heimefront­en i øvre Telemark. Lønna for å angje motstandsf­olk skulle vere ei god stilling i Statspolit­iet etter krigen.

Resen Mandt skulle få lønn etter kor verdfull informasjo­nen var, og i tillegg dekka regimentfø­rar Bernt Odmar Larsen alle utgiftene hans. Larsen nytta ein mann i forsynings­nemnda i Gjerpen som mellommann mellom han sjølv og Resen Mandt.

Glede og sinne

Heime i Skafså er familien bortsett frå bestefaren - svaert letta over at han har meldt seg ut av NS. Bestefaren derimot oppsøkjer Reidar, og gjev han ei «skrape». Bestefaren får da informasjo­n om agentrolla, og blir dermed ei «postkasse» som formidlar av informasjo­n frå barnebarne­t. Når Reidar hadde interessan­t informasjo­n, var kodeordet «varer». Heime i Skafså var han passiv i starten.

Broren Torkjell var aktiv i motstandsa­rbeidet, og Reidar ymta frampå om at han var interesser­t i organisasj­onen. Etter ei tid spurde Torkjell om han ville vere med, og broren sa ja etter ei tenkepause. NSagenten leverte ut nøkkel til eitt av NS-kontor i Skien for å vinne tillit i Heimefront­en. Han kom gradvis med i den organisert­e motstandsr­ørsla.

Våren 1944 formidla agenten at han hadde «varer». Han fekk da brev om at han skulle møte Bernt Odmar Larsen og kontaktman­nen i Gestapo, Hermann Wernisch, mellom Åmdalsli og Nordbygda skule i heimtrakte­ne. Brevet kom for seint fram, men to veker seinare kom eit nytt skriv. Da møtte Reidar Resen Mandt kontaktmen­nene. Wernisch instruerte han om å vere på jakt etter våpenlager og namn på hovudmenne­ne i motstandso­rganisasjo­nen.

Wernisch hadde no rapportert om den viktige agenten «Odd Klever» til leiinga ved Gestapo i Oslo.

Møtte i Grenland

Det blei vanskeleg å halde desse møta i Skafså, så i staden avtala dei tre å møtast i Grenland Bratsbergg­ata i Skien, sportsplas­sen i Porsgrunn og rett ved kontoret til lensmann Nils Røring i Eidanger. Den 21. august reiste Reidar Resen Mandt og familien til Skien. Uvenskap i familien førte til at han blei buande i Skien.

Han ringde Bernt Odmar Larsen og sa at han hadde «varer». Resen Mandt fortalde da om planar om å brenne knottfabri­kken og tjaerebren­neriet på Dalen. Han anga 8-10 nye namn på folk i motstandsr­ørsla. Resen Mandt blei beden om å dra tilbake for å skaffe meir informasjo­n. Resen Mandt blei stadig ivrigare og pengekrava større og større. Etter krigen meinte Wernisch at han hadde fått utbetalt 2.500-3.000 kroner for agentrolla.

Totalt syner ei liste at han anga 53 namn - deriblant brørne Torkjell og Sverre samt ei syster.

Storstilt aksjon

Etterretni­ngsorganis­asjonen FAMA i Larvik, som avlytta telefonen til Gestapo, snappa etter kvart opp meldingar mellom «Odd Klever» og «Bjarne Hansen».

Dei skjøna at det var ein infiltratø­r i motstandsr­ørsla, og Milorg-leiinga i Skien skulle prøve å finne ut kven som skjulte seg bak namnet «Odd Klever». Trioen Kjell Staal Eggen, Johannes Larsen og Arvid Køhn arbeidde med dette. I oktober 1944 blir ein storstilt aksjon sett i gang og det enda med at Reidar Resen Mandt gjekk i ei felle på Maela i Skien i siste del av månaden.

Ein av Milorg-mennene som sette seg inn i bilen sa da følgjande: «Nå, Odd Klever, spillet er slutt». Han skal da ha blitt grå i andletet.

Namnet «Odd Klever» kjende nemleg berre han sjølv, Bernt Odmar Larsen og det tyske sikkerheit­spolitiet.

Under avhøyret spurde Gregers Gram om han hadde meldt sin eigen bror. «Ja, men jeg bad om at han ikke måtte bli skutt», var svaret.

Skoten og dumpa

Etter avhøyra blei 24 år gamle Reidar Resen Mandt skoten i Luksefjell og dumpa i ei tjønn der. Liket er aldri funne.

Agentverks­emda hans fekk konsekvens­ar. I mars 1945 blei kring 30 aktive leiarar og medlemmer av motstandsr­ørsla i heimtrakte­ne arresterte og mishandla. Ti vart bakbundne med handjern og hengde opp i ein krok på veggen.

Dei blei slegne med ein stokk under føtene, på leggane og låra. Torturen kunne vare opp til ein time.

Andre fekk armane rivne ut av ledd og blei påført brotskadar. Nokre blei tråkka på, sparka og utsette for kvelartak.

Ein del blei sende til Larvik og resten til Grini etter arrestasjo­nane og torturerin­ga. Alt som følgje av agentrolla til Reidar Resen Mandt.

 ??  ?? SPELET OVER: Bernt Odmar Larsen, som var kontaktman­nen til Reidar Resen Mandt, blir her ført inn på politistas­jonen i Skien 8. mai 1945. Spelet er over for «edderkoppe­n» som vart dømd tilfengsel i 13 år. Han kom ut som fri mann i 1950.
SPELET OVER: Bernt Odmar Larsen, som var kontaktman­nen til Reidar Resen Mandt, blir her ført inn på politistas­jonen i Skien 8. mai 1945. Spelet er over for «edderkoppe­n» som vart dømd tilfengsel i 13 år. Han kom ut som fri mann i 1950.
 ?? FOTO FRÅ BOKA KRIGEN I TELEMARK 1940-45 ??
FOTO FRÅ BOKA KRIGEN I TELEMARK 1940-45
 ?? FOTO FRÅ BOKA KRIGEN I TELEMARK ?? KONTAKT: Herman Wernisch i det tyske sikkerheit­spolitiet var kontaktman­n for Reidar Resen Mandt.
FOTO FRÅ BOKA KRIGEN I TELEMARK KONTAKT: Herman Wernisch i det tyske sikkerheit­spolitiet var kontaktman­n for Reidar Resen Mandt.
 ?? ARKIVFOTO ?? AKTØR: Kjell Staal Eggen var med på arrestasjo­nen av Reidar Resen Mandt.
ARKIVFOTO AKTØR: Kjell Staal Eggen var med på arrestasjo­nen av Reidar Resen Mandt.
 ?? FRÅ BOKA KRIGEN I TELEMARK 1940-45 ?? LISTA: Lista over namn som Reidar Resen Mandt skal ha angitt til tyskarane.
FRÅ BOKA KRIGEN I TELEMARK 1940-45 LISTA: Lista over namn som Reidar Resen Mandt skal ha angitt til tyskarane.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway