Varden

Det gode hundeli

Ekteparet Ann Kristin og Svein Magne Myklebust gjekk mot straumen da dei flytta frå Arabygdi til Tjønndalen, naer grensa til Edland.

-

Der driv dei i dag turistbedr­ifta Haukeli Husky med 47 bikkjer (Alaska Husky). Forretning­sideen er å skaffe turistar frå inn- og utland opplevinga­r i fjellheime­n sommar som vinter.

Paret frå Kvinnherad kom til Vinje i 1995 da Ann Kristin fekk laerarjobb. Den gongen leigde dei hus av kommunen i Arabygdi.

– Dit var det hyggjeleg å kome. Me har alltid vore glade i friluftsli­v og var heile tida på leit etter vinteren.

Svein Magne har gjennom mange år vore vaktmeiste­r på Haukeliset­er fjellstove. Der har han framleis full stilling, frå 1. mai til 1. november. Han har elles fartstid frå Nordsjøen og ulike jobbar innan barnevern.

Starta med ein schaefer

Ekteparet er svaert glade i dyr. Dei starta med ein schaefer, men besetninga har auka kraftig i løpet av desse åra i Vinje.

I Arabygdi hadde paret seks Alaska Husky. Dei legg ikkje skjul på at dette var litt stress på grunn av uling frå hundane og frykt for at bikkjene skulle slite seg i ei bygd med stort geitehald.

– Det gjekk likevel veldig fint, konstatere­r paret som har to barn - Silje (25) og Sindre (19).

I siste del av 90-åra fekk dei kjøpt ei tomt i Tjønndalen, få kilometer frå Arabygdi, naer 900 meter over havet. Der sette dei opp eit tømmerhus, med innflyttin­g i jola 1999.

– Det var eit stort steg å flytte dit. Me hadde gode naboar nede i bygda, seier paret som likevel trivst godt i Tjønndalen der dei i dag er utan grannar.

Hausten 2016 fekk dei nemleg kjøpt garden på 1.700 dekar som tomta deira er skilt ut frå. Ann Kristin og Svein Magne seier at det har blitt eit oppsving for bedrifta dei siste tre-fire åra. Haukeli Husky har fleire faste kundar, deriblant Seljord folkehøgsk­ule, Sagavoll folkehøgsk­ule, Sauda vidaregåan­de skule og Barnas Turlag ved DNT Stavanger. Sistnemnde har vore med frå starten.

– Det er venteliste i Stavanger for å kome hit - bra for oss.

Haukeli Husky har vidare ei rad turistar frå inn- og utland. I starten var det mest tyskarar, hollendara­r og danskar, men etter kvart er det blitt mange nordmenn som ønskjer slike opplevinga­r i fjellet.

Køyrer sjølv

I denne delen av Vinje får dei prøve hundespann året rundt. Kundane får køyre sitt eige hundespann med topptrente hundar - fem eller seks bikkjer i front. Dei kan velje mellom dagsturar, halvdagstu­r og rundtur. Sistnemnde gjev ein smakebit av hundekøyri­ng. På dei to fyrstnemnd­e er det innlagt matserveri­ng.

I tillegg byr dei på overnattin­g både i hus og hytter. På fjellgarde­n som dei kjøpte - og som ligg rett ved kennelen - er det gardshus, kårhus, låve og eit eldhus. Der byr dei på overnattin­g og tradisjone­ll norsk frukost. Haukeli Husky har dessutan ei fjellhytte på garden som gjestene kan leige.

Stor vekt på tryggleik

Det er til tider barskt vêr i Tjønndalen.

– Førebels har me sloppe å avlyse arrangemen­t på grunn av vêret. Det er fascineran­de med uvêr - regn er det verste. Bikkjene liker seg best vinterstid når det er 10-15 kuldegrade­r. Hundane er trygge og dei slåst lite. Me har fått mykje skryt for at hundane er sosiale og trygge. Dei fleste er nokre store koseklumpa­r, fortel Ann Kristin og Svein Magne Myklebust.

Dei seier at dei legg stor vekt på instruksjo­n og tryggleik før utfluktene. Dei har inga aldersgren­se, men barn under seks år går gratis. No har også firmaet fått eit flott garderobeb­ygg, med plass for både bobledress­ar og skotøy som passar til bruk i fjellet.

Om sommaren dreg hundane vogner med turistar både på Songavegen og Gravdalsve­gen.

– Sommartraf­ikken har auka dei siste åra, konstatere­r paret.

Firmaet har nådd millionoms­etning.

– Me har til mat på bordet. Det er greitt. Krava våre er ikkje så høge, avsluttar paret.

 ??  ?? MOT STRAUMEN: Ekteparet Ann Kristin og Svein Magne Myklebust gjekk mot straumen
MOT STRAUMEN: Ekteparet Ann Kristin og Svein Magne Myklebust gjekk mot straumen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway