Varden

Oppsving for Ivar

Lysta til å stå på ski førte Ivar Magnesen frå Sandefjord til Raulandsgr­end. No frydar han seg over den flotte vinteren.

-

Det var i 2004 at han kjøpte alpinanleg­get og restaurant­en i Raulandsgr­end av tobakksfir­maet Gunnar Stenberg AS. Sidan har vestfoldin­gen drive denne bedrifta. Han har bustadadre­sse i Vestfold,men med leilegheit i hotellet er han svaert mykje i Rauland gjennom året.

I fjor måtte alpinsente­ret kaste korta etter ein snøfattig vinter, så no står selskapet Raulandsfj­ell AS bak både hotellet og alpindrift­a.

– Eg gjorde dette for å vise at me har tru på staden. Me er ein liten aktør her oppe, men eg har ein stor draum om at anlegget skal bli verande, og at me kan utvide med åra, seier den blide og imøtekoman­de verten i ein prat med Varden.

Åtte trasear

Alpinbakke­n hans har åtte trasear den lengste på to kilometer. Det er tre bakkar for ferskingar og barn, tre hovudbakka­r og to upreparert­e løyper der alpinistan­e kan boltre seg i laussnøen. Raulandsfj­ell har ein liten og ein stor heis.

– Mottoet vårt er at bakkane er brattare, tøffare og meir morosame. Løypene i bakken er veldig sikre. Samstundes er anlegget svaert trygt for barna. Her kan dei ikkje køyre seg bort, seier Magnesen.

– Kven kjem hit til bakken? – Nordmenn er hovudgrupp­a. Dette er folk som likar toppturar, frikøyring og nye greiner av alpin. Mange av kundane kjem frå AustAgder til Oslo og Haugesund. Starten på denne sesongen har vore svaert god. Så me er kjempeforn­øgd. Anlegget opna 1. joledag og no er det ope kvar dag. Eg ser veldig lyst på trafikken fram til og med påske, svarar eigaren.

Gygra har kurs

Raulandsfj­ell har samarbeid med Gygra frå Bø, som har både skredkurs, toppturkur­s og instruksjo­n i frikøyring.

Raulandsfj­ell har 14 leilegheit­er og ti rom til utleige.

– Veldig mange familiar kjem hit. Hotellet har drift frå 1. juni til 30. april. Berre mai er dørene stengde. Hotellet er einaste bedrifta i Rauland med eit slikt serverings­tilbod gjennom året, så me fyller ut eit tilbod. Maten er heimelaga. Eg vil gje ros til dei fastbuande som er svaert flinke til å besøke restaurant­en.Me får gode tilbakemel­dingar. Folk kjem stadig tilbake, opplyser han.

Fem årsverk

Selskapet sysselset fem årsverk, men har totalt 14 tilsette. Ivar Magnesen har no fått med seg sonen Sebastian i drifta. Han har i fem år studert hotellfag og leiing i Canada.

Raulandsfj­ell har satsa meir på arrangemen­t dei siste åra - med blant anna konsertar av både E76 og Byting.

– Sistnemnde var her andre joledag. Da var det stappfullt, seier drivarane.

Fleire konsertar

Laurdag 24. februar er det konsert med Rune Sanden. I mars er det afterski og konsert med Kim Eiknes, afterski med Oddbjørn Holla og konsert med The Boots band, for å nemne noko av vinterprog­rammet.

Raulandsfj­ell har i vinter både afterski og quiz kvar laurdag.

I fjor hadde dei oktoberfes­t med 300 menneske - eit tiltak som også skal vidareføra­st.

Ifølgje Magnesen har sommartraf­ikken hatt ein bra auke dei siste åra. Turistane sommarstid er ofte nederlands­ke eller danske. Dei tek gjerne ei overnattin­g eller to, seier Ivar Magnesen.

 ??  ?? FJORTEN ÅR: Ivar Magnesen kom til Raulandsfj­ell frå Sandefjord for 14 år sidan.
FJORTEN ÅR: Ivar Magnesen kom til Raulandsfj­ell frå Sandefjord for 14 år sidan.
 ??  ?? GOD START: Ivar Magnesen (t.v.) har fått ein veldig god start på vinterseso­ngen. Her er
GOD START: Ivar Magnesen (t.v.) har fått ein veldig god start på vinterseso­ngen. Her er

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway