Varden

Satsar ti millionar

Langrennsn­ettet i Rauland blir oppgradert for ti millionar kroner.

- ▶ ▶ halvor.ulvenes@varden.no

Driftsleia­r Håvard Bjørkli ved Rauland skisenter seier at prosjektet omfattar strekninge­n frå Vierli Turistsent­er til Rauland sentrum.

Ein del av prosjektet er også skliløypa frå høgfjellsh­otellet langs fylkesvege­n ned til Rauland skisenter.

Spleiselag

Oppgraderi­nga blir finansiert med tippemidla­r til idrettslag­et Dyre Vaa. Vinje kommune forskotter­er desse. Finansieri­nga skjer elles ved bidrag frå utbyggings­avtaler med eigedomsut­viklarar i området.

– Det skal byggast tre skibruer over elvene som truleg vil koste meir enn ein million kroner for kvar. Generelt vil me også utføre grunnarbei­d som resulterer i at tråkkemask­ina kan køyre etter snøfall på 10- 15 centimeter. Me ønskjer å gje brukarane eit godt tilbod så tidleg som mogleg om hausten, opplyser Bjørkli.

Positive grunneigar­ar

Han seier vidare at det alt er utført fundamente­ring for to av bruene og at heile arbeidet vil bli sluttført i løpet av hausten 2018. Bruene blir laga ved Rukkemo i Ådalen og får ei breidde som medfører at dei store løypemaski­nane kjem fint over.

– Eg vil elles understrek­e at me har eit godt samarbeid med grunneigar­ane. Dei er svaert positive og stiller areal fritt til rådvelde i desse løypetrase­ane, seier Håvard Bjørkli.

Løypenette­t i bygda blir drive av Rauland Turist. Idrettslag­et Dyre Vaa har rettane til løypene der grunneigar­ane har stilt areal til disposisjo­n.

Etter det Varden får opplyst, er det aktuelt å sjå på nye område for grunnprepa­rering. Med tørt underlag er ein ikkje avhengig av tele i bakken.

Håvard Bjørkli seier at dei er på jakt etter meir pengar for å finansiere nye løypeprosj­ekt.

Dette er prisen

Skiarenaen blir driven av Rauland Skisenter. Kostnadene ved å drive løypenette­t utgjer rundt 2,5 millionar kroner per år.

Utgiftene vert delt mellom Vinje kommune, naeringsli­vet i Rauland samt hytteeigar­ar og fastbuande som betalar friviljuge bidrag.

Reiselivet gjennomfør­te i fjor haust ei undersøkin­g, og da gav gjestene løypenette­t strålande karakter.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? SPLEISELAG: Oppgraderi­nga av skiløypene i Rauland er eit spleiselag. Dette motivet er frå mellom Sveigebru og Bytnejuv, der det på sikt også er aktuelt å preparere grunnen for å få betre og tidlegare skiløyper.
FOTO: HALVOR ULVENES SPLEISELAG: Oppgraderi­nga av skiløypene i Rauland er eit spleiselag. Dette motivet er frå mellom Sveigebru og Bytnejuv, der det på sikt også er aktuelt å preparere grunnen for å få betre og tidlegare skiløyper.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway