Varden

Øystein gjorde om be

Han hadde ein etablert tannlegepr­aksis i Bygdøy Allé i Oslo. Øystein Bakke flytta med kone og åtte barn til fjellbygda Rauland.

- Tekst og foto: Halvor Ulvenes

Ikkje nok med det: Seinare har han gjort om det gamle bedehuset Betel til ein moderne tannklinik­k. – Eg har ikkje angra ein dag. Har aldri likt å bu i byen, seier den uformelle og imøtekoman­de tannlegen i matrommet på den nye arbeidspla­ssen. Den stod ferdig i fjor sommar.

Der leiger han ut lokale til fysioterap­eut Marit Svenning Berg. I andre høgda er det innreidd fire kontor, som straks er ferdige. Også desse tek han sikte på å leige ut, så kanskje blir det gamle bedehuset etter kvart ein liten naeringsha­ge.

Voks opp i Amerika

60-åringen er fødd i Tromsø, men hadde mykje av barne- og ungdomstid­a si i Virgina i USA, der faren jobba i Forsvaret. I 1978 gjekk han ut frå gymnaset i Bø, og deretter bar det til tannlegehø­gskolen i Oslo. Han vart ferdig med utdanninga i 1983.

Øystein fekk ein drømmestar­t - ein professor på høgskulen tilbaud han praksisen sin i Bygdøy Allé, med andre ord på beste vestkant i Oslo. Der dreiv han som tannlege i 23 år - frå 1983 til 2006. Samstundes budde familien på Rykkinn i Baerum.

Kona Hege, som er frå Oslo, fødde åtte barn i løpet av 14 år. Dei fire yngste ungane er alle døypte i Møsstrond kyrkje.

Tannlegen, med gode kontaktar i Telemark etter gymnastida i Bø, skaffa seg hytte naer Førnes, på veglause Møsstrond, alt i 1992.

– Ein fantastisk plass der me alle likar oss veldig bra. Me reiser dit så ofte me kan. Eg likar litt barskt vêr, fortel Øystein vidare.

Lei kø og parkerings­trøbbel

I 2005 stod det ein annonse i tannlegebl­adet. Tannlegen i Rauland, Arnfinn Hegg, søkte etter hjelp eit par dagar i veka.

– Det var alt for mykje å gjere i Oslo. Eg blei lei av kø og parkerings­trøbbel i hovudstade­n. Måtte reise heimanfrå klokka 06 om morgonen. Ikkje ideelt med ein så stor familie, fortel tannlegen vidare.

Han slo derfor til på tilbodet frå Hegg, og jobba to dagar i veka i Rauland. Øystein pendla da frå hytta på Møsstrond. Året etter tok han steget fullt ut og flytta med heile familien til fjellbygda.

– Barna våre klarte seg bra der inne, men dei var klare for ei endring og da ønskte kona å flytte hit. Ho var ikkje så innstilt på det i starten.

Familien kjøpte hus i Nedre Såtehovd, og Rauland skule fekk ein fin tilvekst med fem nye skulebarn som kom frå Oslo.

– Det var veldig hyggjeleg. Inga problem å flytte. Me har ikkje angra ein dag. Barna våre elskar å kome heim til Rauland. No er alle ute av reiret, fortel han vidare.

Øystein seier at med så mange barn har kona valt å vere heime, men at ho har funne seg vel til rette i bygda og er engasjert i blant anna bygdekvinn­elaget.

Lite hyttefolk

Øystein seier at han har fått bra med pasientar no. I tillegg til raulending­ane har han frå Tokke, Rjukan og andre stader i regionen. Hytteturis­tane ser han lite til kanskje ein eller to pasientar i månaden som treng hjelp til tennene.

Øystein legg ikkje skjul på at pasientane på bygda er svaert trivelege, og at det er ein litt annan stil i Rauland enn på beste vestkant i Oslo.

– Sjølvsagt tener ein meir i byen, men eg har er grei inntekt her også, meiner han.

Køyrer post

Tannlegen elskar å køyre snøskuter. Det høyrer med at han i ledige stunder er postmann på Møsstrond. Han kjenner alle i denne delen av Rauland, og likar postomberi­nga aller best når han kan køyre skuter fram til kvart hus vinterstid.

Ikkje heilt håplaus

– Brukar du skiløypene mykje?

– Eg er ikkje av dei som slit dei mest ut, men eg går på ski. Så eg er ikkje heilt håplaus. På fritida er eg elles veldig glad i å lese. Har slukt det meste av av lokalhisto­risk litteratur, og koser meg elles med musikk.

– Saknar du noko i Oslo?

– Nei, eg reiser ikkje til Oslo viss eg ikkje må, avsluttar Øystein Bakke.

 ??  ?? BYGDE OM: Øystein Bakke kjøpte bedehuset Betel og har gjort det om til tannklinik­k.
BYGDE OM: Øystein Bakke kjøpte bedehuset Betel og har gjort det om til tannklinik­k.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway