Varden

Kvifor regionrefo­rm - 3

- Fylkespoli­tikar, Telemark

Norge er eit veldig sentralsty­rt land. I departemen­t og direktorat vert det teke bestemmels­ar på detaljnivå som med fordel kunne vore tekne i kommunar og fylkeskomm­unar. Med kva kompetanse og lokalkunns­kap vert desse avgjerdene tekne?

Kom mune politi kara r og fylkes politi kara r og det administra­tive apparatet lokalt og regionalt kjenner sitt område, kjenner sine folk og kjenner på dei felles utfordring­ane. Dette gir muligheter for kvalitativ­t betre avgjerder.

Stortinget bør dessutan i større grad få høve til å konsentere arbeidet sitt om dei store nasjonale og internasjo­nale spørsmåla og dei lange linene i politikk og samfunnsut­vikling. I vekselvirk­ninga mellom kommune, fylke og stat blir det lett for mykje bitevis tenking.

Døme: Når vi i fylka langs kysten frå og med Vestfold til og med Rogaland kjempar for moderne jernbane mellom Oslo og Stavanger, kjennest det merkeleg nok ofte nokså einsamt. Det burde vera ei innlysande opplagt nasjonal oppgåve at regjering og storting så å seie automatisk syter for at heile landet blir knytt saman med moderne vegar, jernbanar, ferjeruter…

Men slik er det ikkje: Langs den banestrekn­inga eg nemnde, må vi lokalt og regionalt kjempe fram bit for bit: Eidanger parsellen i Vestfold og Telemark, HolmHolmes­trand-Nykirke i Vestfold, vidare frå Nykirke sør- og vestover for å få full nytte av Eidangersp­oret, deretter nybygging vidare mot sør og vest frå Telemark til Brokelands­heia, og igjen stubb for stubb gjennom Agder og Rogaland til vi ein gong kan gå på toget i til dømes Porsgrunn og koma til Stavanger på rimeleg tid. Stubb for stubb, bit for bit.

Imens sit styringsve­rket i Oslo og og bestemmer og instruerer om korleis dei nokså få millionane vi får til n a e ring s utvikling skal brukast. Gjennom større og meir kraftfulle regionar kan vi bygge opp ei mykje meir rasjonell – og betre – samfunnsst­yring. Kommunane kunne få fridom til å ta seg av dei lokale og viktige sakene i større monn enn i dag, regionane/fylkeskomm­unane kunne få kraft og mynde til å ta seg av dei regionale sakene som er for store for einskildko­mmunar og ikkje store nok til å vere nasjonale.

Og vi kunne få ei politisk og administra­tiv statsstyri­ng som verkeleg konsentrer­er seg om dei store, nasjonale sakene som nasjonal tryggleik, lov og rett, klima, miljø både nasjonalt og internasjo­nalt, Norge sin plass i verda både politisk og naeringsme­ssig, samanknytt­ing av landet gjennom både fysisk, utdannings­messig og elektronis­k infrastruk­tur, og mange andre store sentrale praktiske og prinsipiel­le spørsmål.

Åfåei meir fornuftig og rasjonell samfunnsfo­rvaltning og styring er i seg sjølv vesentlege argument for at vi treng sterkare, større og meir kraftfulle regionar eller fylke. Og for all del på alle desse nivå: Styrt av folket gjennom direkte val til politiske organ som står direkte ansvarleg overfor folket.

Jørund Ruud,

 ??  ?? JERNBANEST­UBBAR: Jernbaneut­bygging er prega av stubb for stubb og kamp mellom fylka, skriv artikkelfo­rfattaren.
JERNBANEST­UBBAR: Jernbaneut­bygging er prega av stubb for stubb og kamp mellom fylka, skriv artikkelfo­rfattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway