Marknadsdagen er høgdepunktet
Sauheraddagane går av stabelen heile denne månaden. Marknadsdagen fyrstkomande laurdag er høgdepunktet.
▶ Gamlegata på Gvarv er arena for det populaere arrangementet, som vanlegvis samlar 1.000 - 2.000 menneske.
Song vil prege delar av årets marknad. Skulane i Sauherad syng denne veka frå boka til Mads Berg, og laurdag får også gjestene på marknaden solid høve til å bruke røysta på fleire kjende norske songar frå boka til Berg. Kraftkoret, leikarringen Ungdans og Klunklelaget leiar denne allsong og dansen.
Valentin Ott og Kristian Ingelstad skal filme dette innslaget til den landsdekkande songstafetten. Songen kjem etter at ordførar Mette Haugholt har stått for den offisielle opninga.
Fleire konsertar
Denne laurdagen vert det vidare to gratiskonsertar med Stian Dalen på Kjernehuset. Der tek bøheringen med seg publikum inn på guterommet sitt. Kon- serten er utdrag frå innslaga på ein turne.
Bø Ungdomskorps spelar også opp ved Kjernehuset.
Programslepp
Det blir enda meir song og musikk. Norsjø Kammermusikkfestival har programslepp for konsertane som blir arrangerte frå 16. til 21. april. Det skjer med konsertar i dei seks kommunane Bø, Nome, Notodden, Sauherad, Seljord og Skien. På marknadsdagen blir det gratiskonsert med slik kammermusikk.
– På årets festival får me med dei fremste utøvarane i nasjonal samanheng, seier Kjell Stundal om arrangementet for og med unge.
Brannbamsen «Bjørnis»
På marknadsdagen blir det servert både kompe, kjøtsuppe og mykje anna god mat. Så langt har det meldt seg 34 utstillarar, noko mindre enn tidlegare. Vidare blir det baklukesal, der privatfolk kan kvitte seg med gjenstandar som dei ikkje har bruk for lenger. Ein loppemarknad i miniformat.
Brannvesenet og brannbamsen «Bjørnis» er andre innslag på arrangementet. Halvor Ulvenes ▶