Varden

Han sette ny rekord

Sparebanke­n Din oppnådde eit resultat etter tap på 49 millionar kroner i fjor. Det er ny rekord.

- Halvor.ulvenes@varden.no

– Me er svaert godt fornøgd med innteninga. Dette er tidenes høgaste overskot og me er blitt den tredje største sparebanke­n i Telemark. I fjor fekk banken 1.000 nye kundar, seier adm. banksjef Ben Roger Elvenes.

Får solid bonus

Ein av grunnane til det gode resultatet er at banken har klart å redusere kostnadene i prosent. Det trass i at datakostna­dene har eksplodert dei siste åra. Derfor har banken sagt opp avtala med Eika-gruppen. Ei anna forklaring på resultatet er høg utlånsveks­t dei siste åra.

Resultatet er så godt at kvar av dei tilsette får ein avtalt bonus på 40.000 kroner. Ifølgje årsrapport­en har leiinga sett av kring 1,6 millionar kroner i bonus, inkludert arbeidsgje­varavgift. Alle, med unntak av adm. banksjef, får dette tillegget som blir fordelt mellom dei 42 tilsette.

Det var i slutten av 2013 at Bø sparebank og Seljord sparebank fusjonerte.

Sidan har både utlån og forretning­skapital (forvalting­skapital) auka med heile 1,8 milliardar kroner.

Forretning­skapitalen er no på 5,8 milliardar kroner. Berre i fjor auka utlåna med 530 millionar kroner.

– Denne utviklinga kan ikkje halde fram. Årsaka er strengare krav frå styresmakt­ene. Enkelt sagt er krava no slik at for å kunne gje lån på ein million kroner til ein privatkund­e, må banken har tent 72.000 kroner i fjor. For naeringsli­vet er kravet 200.000 kroner per utlånsmill­ion, seier han.

Null problem

Banksjefen understrek­ar at det er inga problem å få lån for verken privatkund­ar, eller eksisteran­de naeringsli­vskundar.

– Vårt mål er å skape og bevare arbeidspla­ssar. No har banken naer ein milliard kroner i utlån til naeringsli­vet i Midtog Vest-Telemark. Eg føler derfor at me er ein god bidragsyta­r til veksten i regionen, seier Ben Roger Elvenes.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? STRÅLER: Adm. banksjef Ben Roger Elvenes i Sparebanke­n Din stråler over fjor, men det reelle tapet var lågare. resultatet, Banken har kontor i Bø, Seljord, Skien og Vinje. Banken sette av fem millionar kroner til tapsfond i
FOTO: HALVOR ULVENES STRÅLER: Adm. banksjef Ben Roger Elvenes i Sparebanke­n Din stråler over fjor, men det reelle tapet var lågare. resultatet, Banken har kontor i Bø, Seljord, Skien og Vinje. Banken sette av fem millionar kroner til tapsfond i
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway