Varden

«Det er lymfekreft med spredning

«Du har fått kreft. Jeg kan ikke si hvilken, men jeg kan si såpass at hadde det vaert for 20 år siden, ville det vaert spikeren i kista . ... »

- ▶ Knut Heggenes knut.heggenes@varden.no

Etter eit par sekund fortsett den erfarne legen: « ... Det har skjedd så mykje at det er store sjansar for at dette skal gå bra.» Datoen er 7. desember 2016. På andre sida av legen sitt bord sit leiaren ved Rehabilite­ringssente­ret AiR, Svein Kostveit.

Det var ein brutal beskjed

Femten månader seinare fortel Svein Kostveit om kreftsjukd­omen og røynslene på sitt kontor i Rauland.

– For fyrste gong i mitt liv fekk eg hausten 2016 litt ryggproble­m. Konklusjon­en var at det nok måtte vere ei isjiasnerv­e som hadde kome i klem, og eg tenkte: «Nå treng eg litt behandling.» Det gjorde ryggen heller verre. Då stussa eg på kva det kunne vere og tinga ei MRundersøk­ing.

– Den røynde legen konstatert­e kreft på staden då han såg bileta. Han la ikkje fingrane imellom. Gjekk rett på sak. Det var ei brutal melding å få. Eg hadde ikkje eingong tenkt tanken på kreft. Bileta viste tydelege sprekkar og ein svulst i ein ryggvirvel i enden av korsryggen.

«Lymfekreft med spredning»

– Trass i at meldinga var brutal, tok eg til meg det legen sa om at det var store sjansar for at dette skulle gå bra.

Det bar rett heim til Rauland frå MR-undersøkin­ga for Kostveit for å få i gang behandling­sløpet via fastlegen og spesialist­helsetenes­ta.

– Det tok nesten to månader før eg fekk stilt den spesifikke diagnosen på Radiumhosp­italet.

«Det er lymfekreft med spredning og det er en aggressiv variant ..., og det skal du vaere glad for. Planen vår er å gjøre deg helt frisk!»

– Eg hugsar den korte pausen før legen sa: « ... og det skal du vaere glad for». Han fortalde at den aggressive varianten var lettare å handsame. Eg hadde 100 prosent tillit til legens plan, og eg bestemte meg der og då for at eg skulle gjera mitt for å bidra til best mogeleg resultat.

Opna ikkje datamaskin­a

Kostveit har i fleire tiår leia landets fremste institusjo­n på arbeidsret­ta rehabilite­ring. AiR har 800 deltakarar inne årleg med mål om å koma heilt eller delvis attende til arbeidsliv­et. Nå var det han som sto midt i sjukdomen og ikkje kunne arbeide som før.

– Kva gjorde du for å halde motet oppe?

– Det er veldig fort å grave seg ned i ein slik situasjon. Og det var utan tvil svaert krevjande. Eg valde min måte å handtere det på. Den er sikkert ikkje rett for alle, men eg opna ikkje datamaskin­a for å lesa alt om dei 80 slaga av lymfekreft. Ikkje då og ikkje nå.

– Eg valde å stole på ekspertane i eit av verdas beste helsevesen. Mitt fokus låg i dei neste månadene på å gjera det eg kunne for å bli frisk. Eg var ikkje heilt sjukemeldt. Noko arbeid kunne eg halde på med både frå sjukehuset og heimanfrå. I periodar vart det veldig lite, men eg kjente at eg kunne gjere litt nytte for meg. Arbeid er ein viktig faktor i livet, men eg seier ikkje at det er eit godt råd til alle å vera i jobb om mogeleg. For meg var det med på å halde nokre av dei tunge tankane borte, understrek­ar Kostveit, som ved eit høve og heldt styremøte på Radiumhosp­italet.

Store cocktailar av cellegift

I februar i fjor starta behandling­a. Kostveit legg ikkje skjul på at det vart ei saers krevjande tid og behandling.

– I vekevis låg eg på Radiumhosp­italet og fekk store cocktailar av cellegift parallelt med immunterap­i. Cellegiftb­ehandlinga varte til ut i mai. I juni og utover var det strålebeha­ndling. Eg mista håret og vart periodevis veldig sjuk. Klart eg i periodar lurte på om dette kom til å gå bra.

– Kroppen er blitt herja skikkeleg med. Det er det inga tvil om. Men det var det som skulle til for å bli frisk. Eg kjente tryggleik i behandling­a heile tida, sjølv om eg måtte på sjukehuset i hui og hast med sjukebil fleire gonger med alvorlege infeksjona­r. Hadde det ikkje vore for antibiotik­a – hadde eg ikkje sitte her i dag. Legen kommentera ved eit høve: «Det finst ikke en kvit soldat igjen i kroppen din nå.», seier Kostveit med eit smil i ettertid.

Takkar familien og kollegaer

– Korleis greidde du å stå løpet ut?

– Eg opplevde ein varme og omsorg frå familie og kollegaer som var veldig rørande og avgjerande. Dei gjorde at eg makta å halde optimismen og motet oppe. Litt arbeid gav meg glede og eit puff til å bruke tankane på noko anna enn berre å vere pasient. Eg følte til og med at eg gjorde ein del nyttig. Dette biletet er nyansert, men eg meiner at arbeidsdim­ensjonen har ein altfor liten plass i behandling­sløp i dag.

Rette energi mot moglegheit

– Korleis er forma i dag?

– Jau, den er overraskan­de bra. Kan hende eg vil ha nokre plager resten av livet som fylgje av kreftsjukd­ommen, men eg har vald å ha fokus på alle dei gode sidene. Eg har framleis litt fleksibili­tet i jobben. Tar ein dag fri når eg kjenner at det er naudsynt. Det har vorte mange skiturar i dei fine løypene i Rauland i vinter. Og etter påske håpar eg at eg att kan vera med på den årlege kamerattur­en på ski inn på vidda. Men eg er bevisst på at strikken ikkje skal tøygast

for langt.

– Kva erfaringar vil du dele nå i etterkant – sett i lys av den jobben du har?

– Eg har erfart noko av det me er veldig opptekne av her på AiR òg. Det er viktig å prøve å rette energien mot moglegheit­ene som finst trass i sjukdom og plager. Det er fort å ha fokus på det som ikkje er så bra. Å halde fast på det positive gjev i seg sjølv positiv energi. Nå skal eg ikkje seie at det er nokon kvikk fiks for alle, men det er ein god måte å tenkje på. Nå vert det litt før og litt etter ei slik behandling. Du er i ulike fasar. Midt i sjukdommen er det viktigaste å berge livet – og det på ein så skånsam måte som mogeleg.

Ekstra tøft

– Din far – Øystein – døydde midt under sjukdommen. Det må ha vore ekstra tøft.

– Ja, han døydde på bursdagen sin i september – 93 år gamal. Det vart ei tøff tid for oss alle, og far var naturleg nok uroleg for korleis det skulle gå med meg. Dagen før han døydde hadde me ein lang prat. Eg hadde akkurat vore på radium’en og fått beskjed om at eg var kvitt kreften. Det vart ein god prat, og eg trur det var godt for han å få vite.

– Har du endra deg som person?

– Eg har vel ikkje endra meg fundamenta­lt, men har utan tvil lettare for å sette pris på både små og store ting i livet – i kvardagen. Det har vore ei tøff tid.

 ??  ?? HEIMEBANE: Det har blitt mange turar på ski i Rauland i vinter for Svein Kostveit. løypene.
HEIMEBANE: Det har blitt mange turar på ski i Rauland i vinter for Svein Kostveit. løypene.
 ??  ?? ENGASJERT: Det sterke engasjemen­tet for AiR er framleis på plass. Ikkje minst når Kostveit fortel om korleis dei bør satse i framtida.
ENGASJERT: Det sterke engasjemen­tet for AiR er framleis på plass. Ikkje minst når Kostveit fortel om korleis dei bør satse i framtida.
 ??  ?? BEHANDLING: Svein Kostveit tok dette biletet av seg sjølv under kreftbehan­dling på Radiumhosp­italet i Oslo i fjor.
BEHANDLING: Svein Kostveit tok dette biletet av seg sjølv under kreftbehan­dling på Radiumhosp­italet i Oslo i fjor.
 ?? FOTO: KNUT HEGGENES ?? Kreftsjukd­omen har gjeve han nye perspektiv på livet. Nå set han endå meir pris må dei små gledene i livet – som ein tur ut i
FOTO: KNUT HEGGENES Kreftsjukd­omen har gjeve han nye perspektiv på livet. Nå set han endå meir pris må dei små gledene i livet – som ein tur ut i

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway