Varden

Kor høyrer ulven til?

-

Eg har stor medkjensle med Olav Ettestad. Ja, verkeleg. For det må vera ille å vera så redd ulv som han er.

Men medkjensla mi til tross: Eg vil be han lesa seg opp på fakta i staden for å servere sine eigne for Vardens lesarar. Han seier at ulven ikkje «høyrer til» her i landet. Han seier attpåtil at han kan sjå på ulven at den ikkje høyrer til her. Korleis kan Ettestad «sjå på» ulven kva en zoolog ikkje kan sjå? Han seier òg at ulven korkje høyrer til på fjellet eller i skogen. Men om den ikkje høyrer til i skog og ikkje høyrer til på fjell, kor høyrer den til då?

Og så seier han at den ulven me har no er importert. Importert? Skulle dyret ha mistet evnen til å vandre på eigen pote? Me treng so visst ikkje importere ulv; den kan gå sjølv, slik den har gjort til alle tider. Eg undrast: Korleis definerer Ettestad ein art som «høyrer til» her i landet? Meiner han at nokre arter vart laga «frå botnen av» her på berget? Eller har han berre gløymt at alt som lever og gror her har kome hit etter siste istid. Nokre arter kom hit ganske snabbt, andre kom seinare. Ein av dei fyrste artene var reinen, og i dens fár fulgte både menneskje og ulv.

Korleis me skal handsame og forvalta vårt rovvilt og anna vilt er ei sak for seg, den skal eg ikkje ta opp her. Eg veit at Ettestad ikkje vil ha ulv her i landet, det har han alltid vore klår på; men då må han finne saklege argument. Å kome med noko slikt som at han kan «sjå på» ulven at den ikkje høyrer heime her held ikkje.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway