Varden

Ingen skal tvingast heim

- Stortingsr­epr. Telemark Høgre

Ingen nyfødde barn, mødrer og fedrar skal tvingast heim 6 timar etter fødsel. Barnet sitt behov og foreldra sin tryggleik skal bestemme.

Idag er normen inntil tre dagar på fødestova under normale høve. Dette blir sjølvsagt forlenga dersom fohold knytta til barnet eller mora si helse krev det. Slik skal det fortsatt vere.

Ut frå debatten den siste veka kan det høyrast ut som om tidleg heimreise skal vere den nye normalen. Det er ikkje rett. Helsetenes­ta må drivast effektivt, men nokre oppgåver vil ein ikkje kompromiss­e på. Barnet og kvinna sin tryggleik og helse er ei av dei.

Til tross for normar og tilbod ønskjer mange foreldre tidleg heimreise. Dersom helseperso­nellet vurderer at barnet trygt kan forlate fødestova kan det vere aktuelt å reise heim etter 6-8 timar.

Tidlig heimreise skal alltid gjerast i samråd med foreldra. Ein føresetnad er at sjukehuset og kommunen har på plass avtale med eit tilstrekke­leg jordmortil­bod. I Noreg har vi eit av verdas beste fødetilbod, og låg spedbarnsd­ødelegheit. Det skal vi fortsette å ha.

Høgre tar på stort alvor når Jordmorfor­eininga meiner det vil bli stor mangel på jordmødrer i åra som kjem. I den nye nasjonale helse- og sjukehuspl­anen blir dette eit tema. For det skal alltid vere trygt å føde i Norge.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway