Varden

Her fekk barna juling

Gutane på den kommunale barneheime­n i Skien fekk juling av styraren. Historiene om vald vekte så stor nasjonal oppsikt at heimen blei lagt ned.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Skien guttehjem på Limi søndre, som blei drive av kommunen, var i fokus sommaren 1949. Gutane kom frå ulike stader på Austlandet. Barna fekk opplaering på gardsbruke­t og deltok som arbeidskra­ft i fjøs og på jorda frå dei var store nok. Gutane oppheldt seg på Limi til dei vart 15 år eller meir.

God arbeidskra­ft

Som 15-åringar kunne dei kome i laere eller jobbe som gardsgutar. Barneheims­barna var den gongen populaer arbeidskra­ft i Gjerpensda­len.

Det skulle vise seg at slett ikkje alt var fryd og gammen innanfor dei fire veggane i institusjo­nen til Skien kommune. Gjennom både lokalavise­ne og riksmedia kom det fram at barna fekk juling.

– Saka blei til slutt slik belastning for kommunen at gutane blei flytta og heimen nedlagt, skriv Ellinor Young i boka «Barnehjem i Telemark gjennom 150 år». Den kom ut i 2004.

Hadde kraft

Young, som er fyrstelekt­or på barneverns­lina ved Høgskolen i Telemark, viser til at det var faren til eitt av barna som varsla politiet om vald.

– Sonen hadde kraft til å fortelje om forholda, og pappaen – som var vanleg arbeidar – varsla vidare. Det synest eg er fantastisk, seier Ellinor Young – om at det var ein far som måtte til for å avsløre dei kritikkver­dige forholda ved heimen. Ho har sjølv jobba i barneverne­t.

Ikkje noko nytt

– Dagbladet kom på besøk til Skien for å skrive om barneheime­n, og sosialsjef­en i Skien kommune blei kalla inn til departemen­tet. Fokus på vald er ikkje noko nytt i vår tid. Temaet har vore oppe tidlegare, seier Ellinor Young.

I møtet med departemen­tet fekk både sosialsjef­en og ordføraren klar melding om at det var krav til kvalifikas­jonar, og at den aktuelle styraren på Limi ikkje hadde dette.

Ellinor Young seier vidare at det var ei dobbelt haldning til barna i lokalmiljø­et – dei jobba for bøndene i Gjerpensda­len og var skikkeleg flinke. Samstundes blei dei uglesette, ifølgje Ellinor Young.

Den nemnde styraren begynte i jobben i mars 1949, og i løpet av kort tid blei det avslørt kritikkver­dige forhold. Styraren blei meldt til politiet, etter berre eit par månader i jobben. Lensmannen i Gjerpen tok grep, og avhøyrde både ungane og personalet. Seks av dei tolv gutane hadde fått juling og ris av styraren. Ein gut hadde blitt slegen med reim.

Taust frå personalet

Ifølgje nemnde bok kom ingen av personalet med opplysning­ar om valdsbruk. Styret hevda at gutane ikkje alltid var enkle å ha med å gjere, og at dei hadde fått for stor fridom av den tidlegare styraren.

Sistnemnde vart kalla ein «tusling» av sosialsjef­en, og indirekte fekk vedkomande skulda for å vere opphavet til dårleg disiplin. Dagbladet skriv at det kanskje er betre med ein «tusling» enn kadaverdis­iplin.

Ifølgje boka verkar det som om alle vaksne rundt nekta for alvoret i saka. Styret forsvara handlingan­e, men ikkje gutane. Gutane blei i staden framstilt som dei sjølv hadde skulda fordi dei var ulydige.

Slo ring om styraren

Dette blir forsterka i eit innlegg i Varden, datert 15. juni 1949. Der slår nemleg åtte naboar på Limi full ring rundt den nye styraren. Dei støttar valdsbruke­n. Naboane meiner at det har vore uforskamma oppførsel frå ein av gutane.

«Vi tror nok de fleste, i bestyreren­s sted ville finne det riktig å gjøre som han gjorde. Så mye må en bestyrer ha å si på et slikt hjem. Skulle guttene få lov å gjøre akkurat som de ville, skulle vi få et «fint» hjem», heiter det i innlegget frå naboane på Limi.

To kvinner, som hadde arbeidd som leigehjelp ved heimen, legg til i innlegget at dei har sett forholda på naert hold. Kvinnene støttar naboane.

Blei dyssa ned

I eitt innlegg i Varden 29. juni 1949 er det derimot eitt innlegg frå Otto Eik. Ifølgje Ellinor Young var han truleg styremedle­m ved denne barneheime­n. Eik skriv følgjande om styraren: « ... som barneoppdr­ager passer han ikke». I innlegget til Eik heiter det vidare at sterke krefter har prøva å dysse ned saka, og at han – om nødvendig – er viljug til å kome tilbake til den.

Saka rulla vidare. I Varden laurdag 9. juli 1949 skriv avisa at rådmannen foreslår å leggje ned Skien guttehjem «som situasjone­n i det hele ligger an».

Avisa skriv at styret for barneheime­n har vedteke dette med tre mot to røyster. Ifølgje avisa kostar barneheime­n Skien kommune 60.000 kroner i året, og det heiter vidare at ein må rekne med at lønningane vil stige «ganske betraktele­g» i tida framover.

Skien formannska­p drøfta saka kvelden før, dvs. 8. juli. Formannska­pet vedtok da å forpakte bort gardsbruke­t, og eit utval blant formannska­pet skulle greie ut framtidig drift.

Saka enda med nedlegging, og i dag vart den tidlegare barneheime­n brukt som grendehus på Limi. KJELDE: Ellinor Young: Barnehjem i Telemark gjennom 150 år, Varden: Juni-juli 1949

 ??  ??
 ??  ?? FEKK JULING: I dette huset fekk barna juling. Det enda med at kommunen la ned Skien gutte hjem på Limi etter avsløringa­ne i 1949.
FEKK JULING: I dette huset fekk barna juling. Det enda med at kommunen la ned Skien gutte hjem på Limi etter avsløringa­ne i 1949.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway