Varden

Olav Kasland seier nei til ein ny periode

- Halvor.ulvenes@varden.no

Bø-ordførar Olav Kasland går ut av lokalpolit­ikken etter neste val.

– Viss eg skulle teke ein ny periode for Venstre, ville eg fylt 62 år da eg gjekk ut av politikken. Da er det verre å få jobb, seier Olav Kasland til Varden. Han synest det blir vemodig å forlate kommunehus­et. Ved utgangen av 2019 har han tolv år bak seg i Bø-politikken, dei siste åtte åra som ordførar.

Det var lokalavisa Bø blad som fyrst omtala at Kasland har sagt nei til nominasjon­skomiteen i Venstre.

Ordføraren er svaert godt fornøgd med at ein jobb i politisk avdeling i Forbrukarr­ådet i Oslo ventar på han. Han skal ha bustad til Bø og pendle til hovudstade­n. Bøheringen har tidlegare arbeidd både i Røde Kors og mental Helse.

– Kva er du mest fornøgd med etter desse åra?

– Det er veksten i bygda og den store oppdrifta her. Vidare har kommunen fått kontroll på økonomien og byggjer opp reservar. Elles er eg svaert godt fornøgd med prosessen som førte til at tvillingko­mmunane Bø og Sauherad går saman. Bø har eit samla politisk miljø. Tilliten mellom dei ulike aktørane er stor, og dette er viktig for å byggje eit godt samfunn, meiner Olav Kasland.

Han har ikkje noko han skammar seg over, men seier at nokre saker kunne vore handtert annleis.

– Dei gløymer eg, seier han. – Det blir verre for Venstre å få ordføraren i Midt-Telemark kommune?

– Dette har ikkje vore ein del av vurderinga mi. Venstre står ikkje svakt i Sauherad heller, avsluttar ordførar Olav Kasland.

▶ Halvor Ulvenes

 ??  ?? VEMODIG: Ordførar Olav Kasland synest det blir vemodig å gå ut av lokalpolit­ikken.
VEMODIG: Ordførar Olav Kasland synest det blir vemodig å gå ut av lokalpolit­ikken.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway