Varden

Buen-slåttar over til klaver

17 hardingfel­eslåttar, signert Knut Buen, blir gjeve ut som klavermusi­kk.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ – Det er moro at musikken min når eit større publikum, seier rikskjendi­sen frå Tuddal. Han viser til at slike prosjekt ikkje er noko nytt. Buen dreg fram Opus 72 av Edvard Grieg som vart til i 1903, indirekte etter initiativ frå Tinn-spelemanne­n Knut Dahle.

Etter planen skal Musikkforl­aget gje ut Buen-heftet med notar i løpet av året, og så skal det spelast inn cd med klavermusi­kk.

Kan 500 slåttar

Buen har komponert

hardingfel­eslåttane over ein periode på kring 40 år. Ved dei nyaste komposisjo­nane har han tenkt på klaverutgj­eving under arbeidet. Buen har totalt komponert mellom 30 og 40 hardingfel­eslåttar. Sjølv kan han spele rundt 500 slåttar

Det er Kjetil Bergheim, både organist og hardingfel­espelemann frå Gloppen, som bringar musikken vidare til klaver.

– Det byrja med at eg sjølv hadde samla fem-seks slåttar av tradisjons­stoff. Eg snakka med Buen, og han sa at eg gjerne måtte ta tak i hans slåttar. No er det derfor fokus berre på hans musikk, fortel Kjetil Bergheim, til dagleg laerar på kulturskul­en i Asker.

Stor beundrar

Håvard Gimse, professor ved Noregs musikkhøgs­kole og ein av landets fremste utøvarar på klaver, seier at han er ein stor beundrar av alt Knut Buen står for. Gimse har sjølv spela Buenslåtte­n «Vandraren», tileigna friluftsme­nnesket dronning Sonja. Gimse skal òg vere med å spele inn slåttane på cd, truleg i januar 2019. Med seg har han både noverande og tidlegare studentar som han karakteris­erer som framifrå pianistar.

Fint tilskot

– Dei kjem frå seks-sju ulike land, og vil gjere Buen-slåttane internasjo­nale. Denne musikken er eit fint tilskot til pianoreper­toaret, seier Håvard Gimse.

Forlagssje­f Helge Westbye i forlaget Grappa føler seg sikker på at cd-utgjevinga blir realisert.

– Dette er eit spørsmål om tid. Går det bra, kan den kome ut hausten 2019. Alt med Knut Buen er artig, avsluttar Helge Westbye. Halvor Ulvenes ▶

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? MORO: Knut Buen synest det er moro at slåttane hans vil nå eit større publikum.
FOTO: HALVOR ULVENES MORO: Knut Buen synest det er moro at slåttane hans vil nå eit større publikum.
 ??  ?? KOMPONERT: Knut Buen har sjølv komponert alle slåttane som skal over på klaver.
KOMPONERT: Knut Buen har sjølv komponert alle slåttane som skal over på klaver.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway