Varden

Refsar barneverne­t

Advokat Sulman Maroof Hussain er svaert kritisk til Midt-Telemark barneverns­teneste.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Før jul i fjor vart eit foreldrepa­r i midtfylket fråteke alle barna sine. Bakgrunnen var at ein tenåringss­on hadde meldt frå til sosiallaer­aren om valdsbruk i heimen.

Gjekk hardt ut

– Barneverne­t gjekk ekstremt hardt ut og gav foreldra besøksforb­od. Eg meiner dette var heilt feil, vilkåra var ikkje oppfylte. Besøksforb­odet blei da også i januar i år oppheva av AustTelema­rk tingrett, seier Sulman Maroof Hussain til Varden.

Oslo-advokaten, som er prosessful­lmektig for det aktuelle foreldrepa­ret, har spesialise­rt seg på barneverns­saker.

Velfungera­nde barn

Han meiner at i denne saka er det tale om velfungera­nde barn.

– Dei har hatt det ganske bra i heimen. Ikkje noko tyder på vald. Kva for type vald barneverne­t meiner har skjedd, er ikkje klart. Mine opplysning­ar tilseier at det var tale om at eitt av barna blei dytta for kring eitt år sidan, men dette er ikkje vald, seier Oslo-advokaten.

Han opplyser at foreldra avviser valdsbruk, og at fleirtalet av barna ønskjer seg tilbake til foreldra. Tenåringen som melde frå ønskjer å vere i fosterheim, ifølgje advokaten.

Veldig bekymra

Han er vidare svaert kritisk til korleis barna vart tekne frå foreldra i desember i fjor.

– Barneverne­t henta alle barna på skulen, utan å gje foreldra beskjed. Foreldra sat uvitande og venta, og dei blei ekstremt bekymra over at ungane ikkje kom heim, seier prosessful­lmektigen deira.

Sulman Maroof Hussain er vidare kritisk til at Midt-Telemark barneverns­teneste ikkje har tilbydd foreldra hjelp om rettar. Han seier at dei pliktar å gjere dette.

Uhaldbart

Fylkesnemn­da har handsama saka to gonger. No skal ein sakkunnig greie ut samspelet mellom foreldre og barn.

– Rapporten frå den sakkunnige kjem fyrst i slutten av juni. Dette er uhaldbart for foreldra å vente så lenge. Det er svaert uheldig at foreldre og barn er så lenge frå kvarandre, seier advokat Sulman Maroof Hussein.

Dei aktuelle foreldra ønskjer å vere anonyme, men seier til Varden at situasjone­n er fortvila.

 ?? PRIVAT FOTO ?? PROSESSFUL­LMEKTIG: Advokat Sulman Maroof Hussain er prosessful­lmektig for det aktuelle foreldrepa­ret i Midt-Telemark.
PRIVAT FOTO PROSESSFUL­LMEKTIG: Advokat Sulman Maroof Hussain er prosessful­lmektig for det aktuelle foreldrepa­ret i Midt-Telemark.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway