Varden

– Vil revolusjon­er e byggebrans­jen

Båe karane har over 50 års erfaring i byggfaget. No har pensjonist­ane søkt patent på ei oppfinning som dei meiner kan revolusjon­ere bransjen.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Asbjørn Buen (83) og Ingebret Storkaas (75) er nestorar i bransjen. Buen åleine har sett opp kring 5.000 hytter og stabbur. Saman med Per Garnås har dei skipa bedrifta Z-element AS som har søkt patent på det nye byggjesyst­emet.

Slik er systemet

– Elementa er sett saman av tre delar, og forma som ei trapp. Det består av ei plate på innsida, ein standar og ei plate på innsida. Elementet byggast i kryssfiner, men det kan også nyttast anna materiale, såkalla OSB-plater. I systemet skal ein blåse inn isolasjon, fortel Buen og Storkaas.

Dei viser til at kryssfiner er eit veldig sterkt og fint materiale som blir mykje nytta i Amerika. Byggesette­t til eit vanleg hus vil vege under fem tonn, og inga element har ei vekt på over 20 kilo

Tre dagar og inga kran

Karane meiner at ei vanleg hytte eller hus kan setjast opp på tre dagar.

– Med slike element vil monteringa på byggeplass­en kunne utførast utan bruk av kran. Elementa kan handterast av ein mann, og vil vere svaert raske å montere. Ved transporte­n slepp ein å frakte store mengder luft fordi stablinga av elementa krev liten plass, seier Asbjørn Buen og Ingebret Storkaas.

Sal eller lisensieri­ng

Patentsøkn­aden er nyleg levert, og handsaming­a tek vanlegvis fem-seks månader.

– Me vart rådd av Tandberg Innovation til å gå vidare, og har god tru på at søknaden blir godkjend, seier pensjonist­ane. – Forretning­sideen?

– Me aktar å selje eller lisensiere patentet til ein stor aktør med landsdekka­nde distribusj­on. Hadde me vore yngre, ville me gjort det på ein annan måte. På grunn av alderen har me dårleg tid, og ønskjer litt moro på våre eldre dagar.

Millionar rullar inn?

– Her kan de tene mykje pengar?

– Det er vanskeleg å seie. Namnet Buenhytter følgjer med salet, avsluttar Asbjørn Buen og Ingebret Storkaas.

 ??  ?? SYSTEMBLOK­K: Asbjørn Buen fann også opp systemblok­ka som er blitt ein viktig arbeidspla­ss i Bø.
SYSTEMBLOK­K: Asbjørn Buen fann også opp systemblok­ka som er blitt ein viktig arbeidspla­ss i Bø.
 ??  ?? PATENT: Ingebret Storkaas (t.v.) og Asbjørn Buen har søkt om patent på den
PATENT: Ingebret Storkaas (t.v.) og Asbjørn Buen har søkt om patent på den

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway