Varden

Har fokus på ho som brøyta veg

- Halvor.ulvenes@varden.no

Forfattars­kapen til Bjørg Vik er eitt av dei spennande innslaga på årets Bøker i Bø.

Programmet er no sleppt for arrangemen­tet som går av stabelen frå 4. - 6. mail. dette er den sjuande litteratur­festivalen i bygda.

– Litt av oppskrifta er at festivalen ikkje har vakse så raskt, seier Ingebjørg Nordbø, ei av eldsjelene bak dette arrangemen­tet.

Høgskolen i Telemark, bokhandlar­ane i Bø, det lokale biblioteke­t og kommunen er med på arrangemen­tet som har eit frivillig styre.

Ho gjekk føre

Bjørg Vik, som døydde i januar i år, brøyta veg. Forfattars­kapen vert derfor presentert av Astrid Borchgrevi­nk Lund og Per Erik Buchanan Andersen i Litteratur­garasjen.

Det blir vist til at artikkelen til Bjørg Vik i kvinnesaks­bladet «Sirene» i 1973 i 2015 blei kåra som ein av dei ti beste sakprosate­kstane i Noreg. Arrangemen­tet går av stabelen på Bø prestegard, der Bø bibliotek også arrangerer ei bokutstill­ing. Publikum kan såleis bla litt i forfattars­kapen til Porsgrunns-kvinna.

Samtale med forfattara­r

Opningsdag­en er det møte mellom forfattare­n Thorvald Steen og Gina Winje. Han debuterte i 1983, og har skrive romanar, diktsamlin­gar, skodespel. Steen har markert seg som ein av landets mest internasjo­nalt orienterte forfattara­r.

– Det blir naturlegvi­s fokus på den nye romanen hans «Det hvite badehuset», dette vil bli ei naer og varm samtale, seier kultursjef i Bø, Hilde Pedersen.

Laurdagen byr på møte mellom poeten Rune Christians­en og litteratur­historikar Janneken Øverland.

Himmel og helvete

Det er tittelen på innslaget om Bibelen, der ein spør kva rolle Bibelen spelar for samtidslit­teraturen og dagens forfattara­r. I boksalonge­n vert det opplesing og samtale med Mona Høvring og Alf Kjetil Walgermo, som båe kom med nye utgjevinga­r i fjor. Dette arrangemen­tet går av stabelen på Bø Hotell laurdag 5. mai.

Bjella kjem

Ei ny satsting i år er solokonser­t og samtale med Stein Torleif Bjella. Den kjende musikarane debuterte som forfattar i fjor med diktsamlin­ga «Jordsjukan­tologien». Det blir opplesing frå boka, solokonser­t og samtale med Heidi Stavrum.

Nytt av året er også eit større tilbod til barn og ungdom. Forfattar Veronica Salinas kjem til Bø bibliotek. Det vert også skulebesøk.

Frukost på fjellet

Som Varden har fortalt tidlegare, er det laurdag litteraer frukost på Lifjellstu­a med Aina Villanger, Øyvind Rimbereid og Arnfinn Åslund. Dit blir det organisert transport frå Bø sentrum. ▶ Halvor Ulvenes

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway