Varden

Vintersten­gde fjellvegar for villreinen

- Jon Ingebretse­n natur- og miljøkoord­inator, DNT Telemark

Det er ei klok og nødvendig avgjerdsle å ikkje opne vegen mellom Småroi/Tessungdal­en og Imingfjell/Uvdal under Gavlen for biltrafikk nå når det er små og store villreinfl­okkar på begge sider av vegtraseen.

Lufsjåtang­en på austsida av vegen er og har alltid vore eit viktig vinterbeit­eområde for reinsdyra. Da området for ei tid tilbake var relativt nedbeita, var sjølvsagt ikkje reinen der. Dette blei da bruka som argumrent for vinteropen veg over fjellet. Etter nokre kvileår synest nå lavmatta å ha kome tilbake, takka vera villreinen­s beiterotas­jon. Argumentet for å halde vegen open om vinteren er derfor ikkje lenger relevant.

Vegglifjel­l: Om det derimot er så konfliktfy­lt i høve til villreinen med vinteropen veg mellom Tinn og Veggli, skal vera usagt. Villreintr­ekket mellom Hardangerv­idda og Blefjell over Killingska­ret er lite dokumenter­t i seinare tid, sjølv om det i Blefjellpl­anen er avsatt trekkorido­r her, medan det i fylkesdelp­lanen for Hardangerv­idda ikkje er regulert inn tilsvarand­e korridor. Snakk om dårleg plankoordi­nering.

Gaustavege­n: Same spørsmål kan ein stille om fylkesveg 651 mellom Bitringsna­tten i Tuddal og Svineroi i Tinn som nå er opna for påsketrafi­kk. Det er ei kjent trekkrute for villreinen frå Brattefjel­l-Vindeggen over Råen under Gaustaknea til vinterbeit­a lengre aust. Sjølv har eg observert at reinsdyra brukar denne trekkruta. Om det er registrert rein her nå på vårvintere­n er ukjent for meg. Årsaka kan sjølvsagt vera at dyra er meir og mindre stengt ute frå å nytte området austover på grunn av skiløypene­ttet frå Tuddalsida.

Vis omsyn til villreinen i påskefjell­et. Uansett stengte eller vinteropne bilvegar, villreinen treng meir enn nokon gong ro på denne tida. Etter ein lang, hard, kald og snørik vinter der dyra har gått på «sparebluss» og vinteren fortsatt ikkje har slept taket, er dyra sårbare for menneskele­ge forstyrrin­gar.

I tillegg er simlene drektige fram mot kalvinga på vårparten. Ser du reinsdyr på skituren, så vik sakte unna, i staden for å prøve å kome i posisjon med tanke på å ta eksklusive bilder. Fest heller den fine opplevinga og det vakre synet på netthinna di. God påsketur!

 ?? FOTO: KNUT HEGGENES ?? VEGOPNING: Fylkesvei 651 fra Rjukan til Tuddal fresast for åpskeåpnin­g.
FOTO: KNUT HEGGENES VEGOPNING: Fylkesvei 651 fra Rjukan til Tuddal fresast for åpskeåpnin­g.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway