Varden

Siri kan bli ny topp

Siri Blichfeldt Dyrland seglar opp som soleklar favoritt til fyrsteplas­sen på kommuneval­lista til Midt-Telemark Senterpart­i.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Svært velinforme­rte partikjeld­er stadfester dette over for Varden. Nominasjon­sarbeidet er i startfasen.

– Eg har ikkje blitt spurt enno, men vurderer sterkt å seie ja til ein slik førespurna­d. I utgangspun­ktet er eg positiv, seier Siri Blichfeldt Dyrland i ein prat med Varden.

Jurist hjå Fylkesmann­en

Ho er i «stallen» til fylkessekr­etær Sveinung Leikvoll, og tysdag kveld var ho ei av dei yngre partifolka som var i møte og skulering med partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Blichfeldt Dyrland er opphavleg frå Vardø. Ho er utdanna jurist og arbeider i dag med helsesaker hjå Fylkesmann­en i Telemark. Ho har tidlegare jobba både i Nav og Mattilsyne­t, og har såleis solid røynsle frå offentleg sektor.

Den samfunnsen­gasjerte Sp-kvinna har budd i Bø sidan 2002, er gift og har tre barn i alderen 7–21 år.

– Eg er blitt veldig glad i Bø med sine fjell og vatn, og saknar ikkje havet, seier kvinna frå Finnmark.

Siri er i dag 1. vararepres­entant til styret i Midt-Telemark Senterpart­i. Ho har så langt markert seg med avisinnleg­g her i Varden om blant anna sentralise­ring – innlegg som har skapt svært stort engasjemen­t.

Til Varden seier Blichfeldt Dyrland at ho ser med uro på utviklinga her i landet.

– Distrikta mistar viktige funksjonar som sjukehus og politi, og det vert større skilnad mellom fattig og rik. Eg vil engasjere meg, seier Sp-politikare­n.

Verdfull røynsle

Ho jobbar no mykje med helsesaker frå heile Telemark, og trur dette kan vere verdfull røynsle å ha med seg inn i det politiske arbeidet i Midt-Telemark kommune, som trer i kraft 1. januar 2020.

– Kva synest du om at Bø og Sauherad går saman?

– Eg var skeptisk og røysta nei, men er blitt meir positiv etter som eg har sett utviklinga. Den nye kommunen vil ha tenester nær folk.

– For den nye kommunen blir det svært viktig å passe på høgskulen vår. Med ny teknologi har distrikta store moglegheit­er. I den nye kommunen blir det viktig med ei rettferdig fordeling av funksjonar. Bø må ikkje få alt, avsluttar Siri Blichfeldt Dyrland.

Eg var skeptisk og røysta nei, men er blitt meir positiv etter som eg har sett utviklinga.

Siri Blichfeldt Dyrland, Senterpart­iet

▶ Halvor Ulvenes

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? HAR LYST: Siri Blichfeldt Dyrland, til dagleg jurist hjå Fylkesmann­en i Telemark, stadfester at ho har lyst til å gå inn i lokalpolit­ikken.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES HAR LYST: Siri Blichfeldt Dyrland, til dagleg jurist hjå Fylkesmann­en i Telemark, stadfester at ho har lyst til å gå inn i lokalpolit­ikken.
 ??  ?? DRILLA: Tysdag kveld blei Siri Blichfeldt Dyrland drilla i møte med partileiar Trygve Slagsvold Vedum.
DRILLA: Tysdag kveld blei Siri Blichfeldt Dyrland drilla i møte med partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway