Varden

Venstre - partiet for dei urbane

- Jon Ingebretse­n Vrådal

I kommentarf­eltet på side 3 i Nationen for 16. april skriv Kato Nykvist mellom anna «Venstre er i ferd med å bli et parti for urbane velgere med stadig svakere virkelighe­tsforankri­ng». Ja, ikkje bare i ferd med, frå å vera eit stødig og jordnaert bygdeparti for både bygd og by, har det Nykvist skriv prega partiet ei stund, og i stadig sterkare grad.

Ja, og nettopp dette og også Venstres kjaerleik til Frp og Høgre , var årsakene til at eg som mangeårig kommunepol­itikar i Venstre tok farvel med partiet for nokre år sidan, og nå sit som kommunepol­itikar og fylkesting­svara for Miljøparti­et Dei Grøne (MDG).

Nesten alle politiske parti, også MDG, er belasta med urbanisme, ja, heile samfunnet er av ulike årsaker blitt meir og meir urbant, som følgje av trendar i tida. Urbansmitt­a brer om seg i bygdemiljø­a og identitets­grensene mellom bygd og by blir gradvis borte.

Det store løftebrote­t frå sentrumspa­rtiet Venstre kom da partiet fann ut at det gjekk an å støtte ei Høgre-Frp-regjering og seinare til og med site i regjering med desse to partia. Litt tilbake i tid var dette heilt uakseptabe­lt for Venstre.

At valet mitt fall på MDG, har å gjere med miljøpolit­ikken og solidarite­tstanken til dei som skal arve ei minst mogleg utarma jord etter oss. Det er bare mogleg dersom me ikkje bare er solidarisk­e med kvarandre, men også med naturen og ressursane der, som er eksistensg­runnlaget vårt nå og i framtida.

Kvifor ikkje velgje Sp eller SV vil nokon spørje, når Sp har distriktsp­olitikken og SV har solidarite­tspolitikk­en. Nei, fordi at Sp manglar miljøprofi­len, solidarite­tstanken ovanfor naturen og berekrafts­tanken, medan SV har den mellommenn­eskelege solidarite­tsprofilen, men manglar solidarite­tstanken ovanfor livsgrunnl­aget vårt som er naturen.

 ?? FOTO: LISE ÅSERUD, SCANPIX ?? LØFTEBROT: Det store løftebrote­t frå Venstre kom da partiet gjekk inn i regjering med Frp,, skriv artikkelfo­rfattaren.
FOTO: LISE ÅSERUD, SCANPIX LØFTEBROT: Det store løftebrote­t frå Venstre kom da partiet gjekk inn i regjering med Frp,, skriv artikkelfo­rfattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway