Varden

Opnar arkiv med skattar

- ▶ BØ ▶ halvor.ulvenes@varden.no

Bø lokalhisto­riske arkiv har vore stengt i seks år. Tysdag kveld blir dei mange kulturskat­tane igjen tilgjengel­ege for publikum.

– I skuleåret kjem arkivet til å vere ope kvar tysdagskve­ld i to timar. Da kan publikum kome for å sjå på det me har på Oterholt og bestille materiale som ligg brannsikke­rt i Sparebanke­n Din og kommunehus­et. Materialet frå arkivet kan me finne fram til neste tysdagskve­ld, seier mangeårig styrar Finn Rønning til Varden.

No er han pensjonist, men jobbar vidare på dugnad for museet på Oterholt. Tysdag kveld blir arkivet offisielt opna i lokalet «Polen».

Finn Rønning opplyser at det nye opplegget - med ope arkiv ein kveld i veka - er etter ein dansk modell.

Stor samling

Bø lokalhisto­riske arkiv har ei lang historie. Det vart etablert i 1980-åra av Bø kommune som gjorde avtale med Bø Museum om drifta. Gjennom åra har det fått over 200 private arkiv - frå lag, organisasj­onar og personar.

Vidare har Bø lokalhisto­riske arkiv bygd opp ei samling med aviser som har stoff frå bygda, pluss eit stort klipparkiv. Bladet «Norig», lokale tidsskrift og kart er andre delar av samlinga. Vidare har museet kring 5.000 foto frå gamle Bøherad som er blitt digitalise­rt.

Trekte seg ut

I 2004 vart det avtale mellom Bø Museum og Telemark Museum. Etter kvart reduserte Bø kommune støtta til Telemark Museum. Leiinga i Skien svara med å leggje ned Bø lokalhisto­riske arkiv, der det ikkje har vore drift sidan 2012.

Sidan har Bø Museum trekt seg ut av Telemark Museum, og er i dag igjen ein sjølvstend­ig institusjo­n. Ivrige dugnadsarb­eidarar ved museet stiller stadig opp og samlar nye klipp frå aviser med stoff knytt til bygda.

Viktige kjelder

Elles har Bø lokalhisto­riske arkiv mange skattar etter mellom andre sogeskriva­r Gregar Nordbø og sonen Olav Nordbø. Materialet til Gregar Nordbø var ei viktig kjelde da Stian Henneseid i 1970- og 80åra skreiv Bø-soga i fire band.

I arkivet finn ein òg dei mange artiklane til Vardenkorr­espondent Knut H. Nordbø, som var bladmann på bygda i kring 60 år.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway