Varden

Den unike stova

Kultan-stova i Åmotsdal blir restaurert. – Finaste huset eg har jobba med, seier tømrar Jørn Berget.

- ▶

Eksperten på gamle bygg har oppdraget med å ruste opp den staselege bygningen. Den gamle stova blei teke ned i 2016, og no i desse dagar blir den restaurert i verkstaden til Berget i Folkestadg­uto i Bø. Golv, himling og inventar er lagra i Åmotsdal.

Når laftinga er ferdig, skal stova setjast opp igjen på Kultan i Åmotsdal. Etter planen skjer det i mai/juni i år. Det flotte tunet på Kultan har elles både stall, loft, bur og låve.

Tømra er sett opp av den kjende kunstnaren Jarand Rønjom. Rønjom kjøpte Kultan i 1790, og eigde den til litt ut på 1800-talet, truleg til rundt 1810. Berget skal ta prøver for slå fast eksakt alder på stova.

Bygget er freda, så restaureri­ngsarbeide­t skjer i regi av Riksantikv­aren. Budsjettet er på 1,8 millionar kroner for dette huset som er på kring 72 kvadratmet­er.

På overtid

– Dette er det finaste bygget eg har vore borti, så det er utfordrand­e å halde presisjons­nivået, seier Jørn Berget.

Alt i juni 1949 vart det føreslege å ta ned bygget for restaureri­ng, men det skjedde ikkje. Det har vore moderne taktekking sidan 1960-talet, men før den tid fekk stova store fukt- og lekkasjesk­adar.

For tømraren er det eit mål å behalde mest mogleg av det gamle tømmeret. Som følgje av dei store skadane reknar Berget med at rundt 60 prosent av stova no får nytt tømmer. Tømmeret får han frå Tinnoset sag i Gransherad. Stokkane er tørka i fleire år, for å hindre krymping.

– Kultan-stova blir i realiteten no heilt fri for róte, seier Jørn Berget.

Svaert arbeidskre­vjande

Arbeidet skjer på gamalt vis, med både øks og handhøvlin­g. Eit arbeidslag på fem personar driv med tømra. I tillegg til Berget består det av Sven Verbelen, Lasse Gellet, Ståle Ljungstrøm, Håkon Fjågesund og Svein Knarud.

Tømrar Jørn Berget synest også laftetekni­kken er spennande.

– På denne stova er laftehalse­n langt nede på stokken. For berre fem år sidan trudde ein av den teknikken berre hadde blitt bruka før Svartedaud­en. Så det har vore ei stor overraskin­g, seier tømraren i Bø.

Loftet

Jarand Rønjom sette opp loftet på Kultan. Soga seier at da han var nesten ferdig med bygget, skulle sonen hans gifte seg. For at bygget ikkje skulle stå uferdig i bryllaupet, blei det slege kledning på fronten. Kunstnaren flytta like etter til Rønjom, og buret på Kultan vart derfor aldri gjort ferdig med stolpar og utskjering­ar.

Dei siste åra har det vore ulike eigarar av Kultan. I 1959 kjøpte brørne Torstein, Knut, Halvor og Eivind Groven garden av onkelen sin, Halvor Kultan. Husa med tomt vart selde i 1962 til Anne Marit og Arne Duve frå Oslo. No er det dottera deira, Bjørg Duve, tidlegare journalist her i Varden, som har teke over tunet.

Herleg

– Restaureri­nga er stor stas. Det er så vedunderle­g at Riksantikv­aren tek vare på dei mest saereigne kulturminn­a. Stova vart freda i 1923. Så langt me veit var det Jarand Rønjom som sette opp alle seks husa. Alle står på same plassen i dag, seier Bjørg Duve. Ho er svaert takksam for at Jørn Berget tok jobben.

– Den er i trygge hender. Det er herleg , legg ho til. Eigaren synest dei dreia stolpane og den nydelege borga langs svalgangen er noko av det mest fantastisk­e med stova på Kultan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway