Varden

Fekk skatt 87 prosent

Norsjøkraf­t auka overskotet med 20 millionar kroner. Over 87 prosent av resultatet går bort i skatt.

- Halvor.ulvenes@varden.no

Eigarane fekk ikkje fem øre i utbytte frå kraftgigan­ten for året 2017. Det går fram av årsrapport­en for selskapet som no er offentleg tilgjengel­eg.

Solid vekst

Inntektene i fjor auka frå 44,8 til 69,2 millionar kroner. Selskapet fekk eit overskot før skatt på 24,4 millionar kroner i 2017, mot 4,2 millionar året før. Årsaka til framgangen er at selskapet i 2016 hadde store vedlikehal­dskostnade­r på dei to kraftverka i Eidsfoss og Vrangfoss. I desse to anlegga har Norsjøkraf­t sidan etablering­a investert 108 millionar kroner - med 34 millionar i Eidsfoss og om lag 74 millionar kroner i Vrangfoss.

Norsjøkraf­t måtte betale heile 21,4 millionar kroner i skatt - som svarar til ein skattepros­ent på over 87 prosent. Etter det Varden kjenner til, skuldast dette at selskapet har låge verdiar på kraftanleg­ga i rekneskape­n - og dermed vert det magert med avskriving­ar. Dermed blir skatten høg. Resultatet på tre millionar kroner blei overført til eigenkapit­alen.

Betre enn forventa

Styret skriv i årsrapport­en at resultatet for 2017 vart betre enn forventa. Leiinga i selska- pet meiner elles at utsiktene er lysare enn på lenge, og viser til offentlege prognosar for kraftprise­n for dei neste åra. Dersom kraftprise­n går opp med 12 øre, så aukar overskotet til Norsjøkraf­t med kring 33 millionar kroner. Også av dette beløpet vil ein stor del gå bort i skatt.

Skifta styreleiar

Norsjøkraf­t

hadde

nyleg

generalfor­samling. Der vart styreleiar Harald Kjellstad skifta ut med Oslo-advokaten Sverre Tysland. I kraftmiljø­et er det blitt spekulert i om dette skuldast at kommunane ønskjer ein styreleiar som deler ut meir utbytte. I formannska­pet i Bø måndag orienterte ordførar Olav Kasland om skiftet.

– Det er ingen dramatikk. Kjelstad flyttar til Trondheim, og eigarane ønskjer ein styreleiar som bur naermare. Kjelstad har dessutan sete i fem år, sa Bø-ordføraren til dei folkevalde.

Kommunane er indirekte eigarar gjennom selskapa MidtTelema­rk Energi og Midt-Telemark Kraft som til saman eig 66,7 prosent av Norsjøkraf­t. Cappelen eig resten gjennom selskapet Brennebu AS.

b Halvor Ulvenes

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? MASSE SKATT: Norsjøkraf­t eig Vrangfoss kraftverk. I fjor betala Norsjøkraf­t 87,7 prosent av overskotet i skatt.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES MASSE SKATT: Norsjøkraf­t eig Vrangfoss kraftverk. I fjor betala Norsjøkraf­t 87,7 prosent av overskotet i skatt.
 ??  ?? INGEN DRAMATIKK: - Ingen dramatikk ved skifte av styreleiar i Norsjøkraf­t, sa ordførar Olav Kasland da han orienterte Bø formannska­p.
INGEN DRAMATIKK: - Ingen dramatikk ved skifte av styreleiar i Norsjøkraf­t, sa ordførar Olav Kasland da han orienterte Bø formannska­p.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway