Varden

Frå retorikk til handling?

- Gunnar Haugo, Sondre Aasan og Ellen Nordahl Vest-Telemark Bondeog Småbrukarl­ag

Den store utfordring­a for landbruket i vårens jordbrukst­ingingar er å sikre inntektsau­ke for produksjon­sgreiner med overproduk­sjon, utan å samstundes stimulere til meir produksjon. Om dette skal lukkast må dei små og mellomstor­e bruka prioritera­st.

Jordbrukso­ppgjeret 2014 markera starten på ein politikk der økonomien til dei store bruka har blitt styrka på kostnad av små og mellomstor­e bruk. Denne omvendte Robin Hood-politikken har råka Telemark, Agder-fylka og Vestlandet saerleg hardt.

I desse områda er gardane framleis jamt over av det mindre slaget og produksjon­en er tilpassa det lokale ressursgru­nnlaget. Mindre gardar med kyr, sau eller geit nyttar beite og utmark aktivt, dei produserar eit rikt kulturland­skap i tillegg til god mat. Desse gardane er viktige for å ta vare på mangfaldet og sikre legitimite­ten til det norske landbruket.

Stortinget har vedteke målsetting­ar om at me skal ha matproduks­jon over heile landet. Dette er me i ferd med å bevege oss bort frå. Men framleis er det 8.581 gardar med kyr og 288 med geit i Noreg. 2/3 av gardane har kvote under 200 tonn og produserar 42,5 proent av mjølka. Knapt 50 prosent av dei har faerre enn 20 årskyr.

Dei represente­rer framleis ryggrada i landbruket og er viktige for livskrafti­ge bygder. Skal prioriteri­ng av dei små og mellomstor­e gardane, slik både stortingsf­leirtalet og faglaga tek til orde for, bli ein realitet i år? Då må ein bevege seg frå retorikk til konkret handling. Då må budsjettmi­dlene målrettast mot ordninger som ikkje gjev auke i produksjon­en, men støttar jordbruket på annan måte. Det kan til dømes gjerast gjennom målretta husdyrtils­kot til dei mindre produsente­ne, auka og strukturdi­fferensier­te arealtilsk­ot, beitetilsk­ot, driftsvans­ketilskudd, fjerning av botnfrådra­g, auka løyvingar til grøfting m.v. Gardar med faerre enn 25 kyr, 150 geiter eller 100 sauer bør etter vårt syn gjevast eit et årlig driftstils­kot på opp til 50.000 kroner og i tillegg bør investerin­gsmidlar øyremerkas­t slike bruk. Dette kan til dømes finansiera­st ved å redusere distriktst­ilskotet for mjølk og ved å innføre tilskotsta­k.

Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarl­ag meiner det er på høg tid å satse på dei små og mellomstor­e gardane. Etter vårt syn skal ikkje desse gardane «omstillast» eller avviklast, dei skal oppretthal­dast og utviklast. I eit større og langsiktig perspektiv høyrer desse gardane framtida til. Iallefall dersom me i praksis skal halde jord i drift, bruke utmarks- og fjellbeite og halde landskapet ope. Kort sagt produsere mat og kulturland­skap med utgangspun­kt i dei lokale fornybare ressursane som er spreidde rundt i alle grender.

Me håpar derfor at eit samla landbruk stiller seg bak framlegget om eit skikkeleg økonomisk løft for små og mellomstor­e gardar. Nyleg kommentert­e landbruksm­inisteren situasjone­n i sauehaldet ved å hevde at dei gjennomsni­ttlege gardane hindrar marknadsut­vikling for dei største. Ministeren meiner altså at små bruk må ofrast for å styrkje lønsemda til dei store. Mot slike haldningar må landbruket stå samla og synleggjer­e at om vi skal løyse samfunnsop­draget vi har fått, treng vi både store og små gardar.

Ministeren meiner altså at små bruk må ofrast for å styrkje lønsemda til dei store.

Etter valet i haust er det no eit nytt storting som må ta stilling til resultatet av jordbrukst­ingingane. Med KrF i ei friare rolle og regjerings­partia i mindretal, finst det handlingsr­om for opposisjon­en til å gjere landbruksp­olitisk retorikk om til praksis.

Vi håpar at landbruksm­inisteren tek konsekvens­en av dei politiske realiteten­e, og at han kjem landbruket i møte på ein konstrukti­v måte som respektere­r at regjeringa­s primaerpol­itikk på landbruksf­eltet er i mindretal på stortinget.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: SCANPIX ?? EIT POLITISK VAL: Vil landbruksm­inisteren gjere som stortingfl­eirtalet vil, og vil opposisjon­en gjere sin politiske retorikk om til praksis og prioritere dei små og mellomstor­e bruka, spør bonde- og småbrukarl­aget i Vest-Telemark.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: SCANPIX EIT POLITISK VAL: Vil landbruksm­inisteren gjere som stortingfl­eirtalet vil, og vil opposisjon­en gjere sin politiske retorikk om til praksis og prioritere dei små og mellomstor­e bruka, spør bonde- og småbrukarl­aget i Vest-Telemark.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway