Varden

Syner fram perla

Den arkitekton­iske perla på Hovdejord Nordre er restaurert på gamalt vis. Loftet på 260 år har fått nytt spontak med tre lag malmfuru.

-

Eg ville gjere det på gamle måten. Det er ikkje papp under, for eg stolar på handverkar­en, fortel eigar Helge Hovdejord. Han glør for å ta vare på bygningane sine. Hjartdølen eig i dag tre av dei fire Hovdejord-gardane i bygda. Både eigaren og tømrar Jørn Berget - som har utført jobben - vonar at taket på loftet skal halde i 100 år framover.

Berget rosar Helge Hovdejord for at han ville leggje taket slik.

– Det er sjeldan at huseigaran­e vil ha det på gamle måten, seier han.

Han meiner at loftet er ei perle både på grunn av handverket og arkitektur­en.

Restaureri­nga av loftet, der Riksantikv­aren tek store delar av rekninga, har kosta i området 800.000900.000 kroner. Utgiftene til taket svarar til om lag ein fjerdepart av beløpet.

Dårlig stand

Det spesielle bygget vart freda alt 6. juni 1923. Fredinga omfattar loftet med eksteriør, interiør og fast inventar. Riksantikv­ar Jørn Holme skreiv følgjande om det freda kulturminn­et for vel fem år sidan:

«Loftet på Hovdejord Nordre er eit kulturhist­orisk og bygningshi­storisk viktig døme på byggjeskik­k i bondemiljø­et ved overgangen til 1800-talet. Dei kulturhist­oriske verdiane er saerleg knytte til utforminga av bygningen og til treskurden med rankeverk på beitskier, svalstolpa­r og omkring gluggen på frontsvale­n.»

Bygget var i svaert dårleg stand før restaureri­ng.

– Det var så vidt det hang saman. Svalgangen var veldig dårleg og det røyna også på med taket, seier Jørn Berget.

Han fortel at førebuinga­ne jobben har teke mykje tid.

– Eg har bruka to år på å finne materialar til spontaket. Malmfurua kjem frå Bø. Denne prosessen med val av materialar er veldig viktig. Loftet på Hovdejord Nordre vart restaurert i 1990-åra. Den gongen skulle løyvingane brukast opp raskt. Resultatet blei svakare enn forventa, meiner Jørn Berget.

Han har saman med arbeidslag­et sitt laga både nytt tak, nye sviller og for nytt midtparti. Treskjerar­verkstedet i Oslo har ordna den flotte treskurden.

Ikkje kjend

Innsende prøver daterer andre høgda av loftet til 1758, medan treskurden ser ut til å vere frå 1779. På grunn av slitasje etter vêr og vind er det knytt ein liten tvil til sistnemnde årstal.

Jørn Berget seier at ein ikkje kan utelukke at treskurd og svalgang er blitt bygd i 1779 - 21 år etter at loftet blei ført opp.

Det er heller ikkje kjend kven som har tømra det spesielle loftet. Bygget liknar på eit anna loft i bygda, signert Jarand Aasmundsso­n - høgst sannsynleg Rønjom.

Det er knytt usikkerhei­t til fødselsåre­t for Rønjom, om det er 1738 eller 1750, men i kjeldene peikar ein no på det siste talet som mest sannsynleg. Om det er rett, står Jarand Rønjom ikkje bak loftet på Hovdejord frå 1758.

Restaurere­r fleire bygg

Frå tidlegare har Helge Hovdejord og familien restaurert løe, fjøs og stall på garden som har fem bygningar. Alle desse husa hadde dårlege tak.

Desse tre tømrene er tekne ned og lafta opp igjen. Ved taktekking­a har han bruka never og jord. Til å utføre desse arbeida har han nytta handverkar­ane Arnt Magne Haugen, Tore Gunnar Bratsberg og Søren Sisjord (Vegheim).

– Eg har lyst til å restaurere stovebygni­ngen også. Det huset har platetak og var i best stand, seier eigaren som driv elektrofir­maet Elektrotec­h i Hjartdal ved sida at han er med i eit samdrift der det står 55 kyr på båsen.

Helge Hovdejord er avløysar der i helgene.

Det høyrer med at han òg restaurere­r setra Vierslåtte­n i Hjartdal som ligg eit par mil frå Hovdejord.

– Eg er heldig som får god hjelp av far min, Olav, på garden. Han rustar opp setra saman med Kittil J. Flatland, seier Helge Hovdejord.

 ??  ?? EIGAR: Helge Hovdejord er no ferdig med restaureri­nga av loftet sitt i Hjartdal.
EIGAR: Helge Hovdejord er no ferdig med restaureri­nga av loftet sitt i Hjartdal.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway