Varden

Han kom alltid tilbake til Telemark

«Trekkfugle­n» Harald Kihle var fast gjest i Telemark gjennom seks tiår. Denne sommaren er det 80 år sidan storkunstn­aren kom til Arabygdi.

- Halvor Ulvenes ▶ halvor.ulvenes@varden.no

Mange år før dette fekk vestfoldin­gen smaken på Telemark.

Som 17-åring drog han i 1922 på sykkeltur til fylket vårt. Der såg han den fagre steinkyrkj­a på Bøhaugen, datert til 1180-åra.

Ungguten kjende bygda fordi det var her Torleiv Stadskleiv og Halfdan Egedius laga mange flotte motiv i 1890-åra, før sistnemnde døydde i 1899, berre 22 år gamal.

Fyrste i Seljord

Kihle teikna ikkje noko i Bø.

Det var fyrst i Seljord at han opna målarskrin­et og laga det fyrste motivet frå Telemark - av gamle Seljord kyrkje.

Det var der Magnus Brostrup Landstad var prest. Kihle kjende også til denne mannen som i tillegg var både salmedikta­r og folkeminne­samlar.

Fire år seinare kom den unge kunstnaren i kontakt med Henrik Sørensen.

Det skjedde da Kihle stod og måla i eit skogholt mellom Støa og Holmsbu.

Under det fyrste møtet sa «Søren» følgjande: – Du må reise til Hjartdal, ta inn på den gamle prestegard­en og helse frå meg!

Debuterte

Kihle følgde oppmodinga og drog til denne telemarksb­ygda sommaren 1927 - og det vart fleire besøk i Hjartdal dei neste åra. Der måla han mellom anna «Steinkjøri­ng, Annbjørnda­len». Dette motivet debuterte han med på Statens Høstutstil­ling i 1933, 28 år gamal.

– Det blei åtte somrar i Flatdal, med utflukter til Dyrlandsda­len, Åmotsdal og Svartdal. Stadig var han på jakt etter nye motiv frå bortgøymde stiar og stader, fortel venen Bjarne Karsten Nenseter i ein 30 år gamal artikkel.

Drog til Arabygdi

Slike skjulte stader fann han til dei grader i Arabygdi i Rauland da han kom dit for fyrste gong i 1938. Eit notat fortel at han ein torsdag føremiddag reiste med buss frå Flatdal til Seljord, og han drog da for fyrste gong gjennom Øyfjell.

Ut frå andre opplysning­ar kan dette ha vore på midtsommar­kvelden, som fall på ein torsdag dette året.

Besøkte Dyre Vaa

Han besøkte Dyre Vaa og neste morgon drog kunstnaren med buss til Vå og tok båten «Myllargute­n» vidare til Arabygdi. Der fekk han husrom hjå Anna og Steffa Øygarden i Suigard Øygarden - bruket Thorbjørn Egner skildrar som den gjaevaste garden i Arbygdi, i boka si «Gamle hus i Rauland».

Det var på plassen Kosi under Øygarden at Myllargute­n budde i si tid. Dette året måla Kihle «En Bygdespill­emann», der Kihle bruka soneson av Myllargute­n, Tarjei Skinan, som modell

Kihle var på Øygarden i to veker, og betala kr 10,80 for maten - mjølk, geitost, egg, brød, smør og middag. I løpet av opphaldet laga han sju skisser, heiter det i den store Kihle-biografien som kom ut for tretten år sidan.

Likte seg godt

Kihle likte seg svaert godt i «ivistoga» som bygdene i Rauland ofte blei kalla.

Den gongen gjekk vegen berre til Vå, men Kihle kom seg også inn til Arabygdi.

Det blei mange slitsame turar på sykkel og beina for mannen som vart kalla «Telemarks skjulte maler».

I sitt ess

Han var i sitt ess da han fram til gøymde gardar og støylar, og blei ven med slitarane i den avstengde grenda.

Kihle var i Arabygdi krigsåra. Han fann fram til Storgutvol­len i Edland, der Grytebekke­n drap fienden sin.

Dette gav inspirasjo­n til fleire tresnitt og teikningar som prydar utgåva av Storegut som Kihle illustrert­e saman med Henrik Sørensen.

Øystein Kostveit skriv i boka «Harald Kihle som fotograf» at han fekk mange rike år i Arabygdi, men at kunstnaren nok stridde for føda.

Mest kvar kveld slengde han ut fiskestong­a i Totak, der auren naermast putra.

Det var knapt med mat i krigsåra, men med fisk og jordeple blei det mange herremålti­d, ifølgje Kostveit.

Over til Smørklepp

Etter krigen fekk Henrik Sørensen venen over til Smørklepp, og Kihle vart frå 1947 buande hjå Margit og Olav Negarden - på same tunet som «Søren». Det var her han laga mange av dei store måleria sine. Frå Smørklepp fekk Kihle mange utflukter til ulike stader i dei øvre bygdene. Der sikra han mange motiv, deriblant Botndalen i Tokke, før dei store kraftutbyg­gingane tok til midt på 1950-talet. Etter regulering­a orka han ikkje å sjå Botndalen på mange år. Det gjorde vondt for kunstnaren å sjå slike store endringar i skaparverk­et.

Gamp og hestehandl­ar

Mo prestegard og Grunningsd­alen var døme på andre stader i fylket som inspirerte denne kunstnaren.

På sistnemnde stad var diktarpare­t Ingebjørg og Halvor Kasin Sandsdalen vegvisarar for målaren som laga ein serie om Guro Heddelid.

Kihle hadde som kjend hadde hesten som eit kjaert motiv, og det vart det turar til Dalsmarken år etter år, frå 1947-67.

Der fanga han inn situasjon med gamp og hestehandl­arar frå Telemark og Setesdal.

Men Kihle måla langt meir enn hestar, nedlagde støylar og bygdespele­menn. Han har også sett sine spor i fleire gudshus i fylket.

Litt mindre kjend er kanskje dei mange erotiske motiva som Harald Kihle let etter seg da han døydde i 1997, vel 92 år gamal.

 ??  ?? KJELDER: Bjarne Karsten Nenseter: Harald Kihle - det skjulte Telemarks maler. Artikkel i Telemark historie, (1988) Øivind Storm Bjerke/Svein Olav Hoff: Harald Kihle. Natur og erotikk. Labyrinth Press (2005) Målaren og grafikaren Harald Kihle som fotograf. Redigert av Øystein Kostveit. Landbruksf­orlaget. (1997) MEST KJEND: Harald Kihle er mest kjend for skildringa­ne sine av natur og folkeliv Telemark. Han fekk kongens forteneste­medalje i gull alt i 1947. 34 år seinare fekk han St. Olavs orden i Seljord. Her er i han i stova si i Smørklepp i Vinje i 1996, året før han døydde.
KJELDER: Bjarne Karsten Nenseter: Harald Kihle - det skjulte Telemarks maler. Artikkel i Telemark historie, (1988) Øivind Storm Bjerke/Svein Olav Hoff: Harald Kihle. Natur og erotikk. Labyrinth Press (2005) Målaren og grafikaren Harald Kihle som fotograf. Redigert av Øystein Kostveit. Landbruksf­orlaget. (1997) MEST KJEND: Harald Kihle er mest kjend for skildringa­ne sine av natur og folkeliv Telemark. Han fekk kongens forteneste­medalje i gull alt i 1947. 34 år seinare fekk han St. Olavs orden i Seljord. Her er i han i stova si i Smørklepp i Vinje i 1996, året før han døydde.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway