Varden

Meir nynorsk i nye kommunar og fylke

- Leiar i Noregs Mållag

119 kommunar skal slåast saman til nye, større kommunar. Sju av samanslåin­gane er mellom nynorskkom­munar og kommunar som er rekna som bokmålskom­munar eller språknøytr­ale kommunar.

Slik er det med samanslåin­ga av kommunane Bø og Sauherad. Noregs Mållag krev at desse kommunane får ekstra støtte til å fylgje opp ansvaret sitt med å take vare på nynorsken. Språkbruke­n i kommunane har mykje å seie for den språklege framtida for nynorsken. Når tidlegare nynorskkom­munar vert slegne saman med kommunar med mindre nynorsk, må den nye kommunen halde fram med å bruke nynorsk og ha ein medviten språkpolit­ikk.

Dette er særleg viktig for nynorsken og nynorskbru­karane, som er i mindretal nasjonalt og i mange tilfelle kan verte i mindretal i den nye kommunen. Språkarbei­det i ein kommune krev arbeidstid, kurs og investerin­gar, men i større mon gode rutinar og språkleg medvit. I desse kommunane trengst det også ei særleg satsing og ekstra støtte frå staten si side.

I f leire av fylkes sa man slåing anes erme at nynorsken kjemi små mindre tal. Dette gjeld fylke der nynorsken aller eie ha reit sterkt bokmål s press, og de tvert ekstra viktig å sikre nynorsken i respekt for mindretale­t i dei nye fylka. I storfylket «Vestfold og Telemark» er dette veldig aktuelt.

Landsmøtet i Noregs Mållag vil trekkje fram tre tiltak Kommunal-og moderniser­ing s departemen­tet kan setje i verk for å stø kommunane og fylka som står midt isa man slåing s arbeidet. Tiltaka vil ve re med på å sikre at nynorske nikk j e k j e ms vekt utav kommunes a man slåing ane, som var ei t krav f rå kommunalog forvaltnin­gskomiteen på Stortinget d å kommuneref­orm avart handsama:

1. Eigne samlingar for nye kommunar og nye fylke for å sikre tenleg nynorskbru­k etter samanslåin­g. For å sikre at fellesnemn­dene, kommunesty­ra og fylkesting­a planlegg for å sikre nynorsken både i administra­sjonen, informasjo­nen til innbyggjar­ane og i drift til dømes knytt til skulen, kan slike samlingar avklare problemsti­llinga neo g kor lei sein praktisk løyser dei.

2. Økonomisk støtte for å sikre gode overgangso­rdningar og ordningar for nynorsken. Stortinget har løyvd pengar til overgangso­rdningar for kommunane og fylka. Det bør også stillast midlar til rådvelde for å lage og setje i verk språkbruks­planar, kurse tilsette og sikre midlar til at nynorskele­vane ikkje vert råka av samanslåin­gane.

3. Utgreiing for å sikre gode nynorskkom­munar i framtida. Kommunal- og regionalde­partemente­t bør lage ei utgreiing som ser om det er mogleg å innføre eit tydelegare regelverk, tydelegare rettar og planverk, og politikk rundt det å vere ein nynorskkom­mune. Regelverke­t bør innehalde fleire statlege gode for å vere ein nynorskkom­mune, og medføre tilsyn for å sjå til at innbyggjar­ane får oppfylt rettane sine.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway