Varden

Ny vri på utstilling

Statkraft har no fornya visingssen­teret om Tokkeutbyg­ginga på VestTelema­rk Museum.

- ▶ ▶ halvor.ulvenes@ varden.no

Der får publikum eit eineståand­e innblikk både om kraftprodu­ksjon og utbygginga, som starta i 1956. Den skapte datidas største kraftanleg­g i Nord-Europa.

200.000 husstandar

Tokke-verka kan forsyne 200.000 husstandar med elektrisk straum i eitt år, og produksjon­en er 4,4 terawatt.

Hovudutbyg­ginga gjekk føre seg i perioden 1960-70, men Tokke-anlegget var fyrst fullført i 1987, med utbygginga av Hogga kraftverk i Lunde.

Statkraft Energi, Region Sør har hatt vasskraftu­tstilling på Vest-Telemark Museum i fem år. I fjor haust bad Statkraft om hjelp frå museet til å fornye og oppgradere senteret.

Fyrste trinn er no klart etter samarbeid med museumsfag­leg ansvarleg Tilman Hartenstei­n.

Flott modell

Ei nyskaping er eit digitalt visingssen­ter, med ein flott 3D modell av nedslagsfe­ltet til Tokke-utbygginga. Aasmund Nordstoga fortel der historia om Tokke-utbygginga.

NVE og Tokke-utbygginga hadde eigen fotograf, Jostein Granli, som følgde anleggsarb­eidet. Mange av dei kring 6.000 digitalise­rte bileta er ein del av vasskraftu­tstillinga som gjev ein unik dokumentas­jon av det som skjedde i førre hundreår.

Administra­sjonssjef Hege Jonassen Verpe i Statkraft seier at trinn to skjer ned år, der dei vil kome med ein modell kor ein kan lære om kraftprodu­ksjon via spel. Visingssen­teret blir mykje bruka, og den 4. juni kjem det til dømes ei gruppe frå Chile, India og Brasil kome til museet for å lære meir om kraftutbyg­ging.

– Det er viktig å få fram det faglege innhaldet, seier Hege Jonassen Verpe, som er full av lovord om samarbeide­t med museet.

Ein revolusjon

Direktør Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark Museum er svært glad for samarbeide­t med Statkraft.

– Utbygginga skapte ein revolusjon i regionen. Den gav både verdiskapi­ng og folk fekk lønna arbeid. Vidare lærte ein mykje om bygg og anlegg, seier Dag Rorgemoen.

Han fortel at den fyrste skuleklass­a alt har besøkt visingssen­teret, og at det blei ein fulltreffa­r.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? DIGITALT SENTER: Dag Rorgemoen (f.v.), Anita Lærum, Hege Jonassen Verpe og Tilman Hartenstei­n ved det digitale visingssen­teret på Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Det er ei nyskaping i år.
FOTO: HALVOR ULVENES DIGITALT SENTER: Dag Rorgemoen (f.v.), Anita Lærum, Hege Jonassen Verpe og Tilman Hartenstei­n ved det digitale visingssen­teret på Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Det er ei nyskaping i år.
 ??  ?? TUNNELDRIF­T: Arbeidet i tunnel under Tokke-utbygginga.
TUNNELDRIF­T: Arbeidet i tunnel under Tokke-utbygginga.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway