Varden

Stor skilnad på leigeprisa­ne

Det interkommu­nale selskapet betalar årleg tomteleige på 110.447 kroner per dekar. I ei privat avtale på nabotomta er tilsvarand­e sum 7.272 kroner.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det er renovasjon­sselskapet Irmat, eigd av kommunane Bø, Hjartdal, Notodden og Sauherad, som har leigd areal av selskapet Brenna Stasjon AS. Tomta ligg på grensa mellom Bø og Sauherad og skal nyttast til avfall frå hushaldnin­gane i Bø og Sauherad. Utleigar er Brenna Stasjon as, eigd av selskapet Babord AS som er kontroller­t av Jørn Pettersen på Stathelle.

Slik er avtala

Partane underteikn­a avtala 11. januar 2017. Varden har kopi av den signerte kontrakten som gjeld fram til 30. juni 2040. Den kan ikkje seiast opp i perioden.

Leigesumme­n for sjølve tomta på 6.700 kvadratmet­er er 740.000 kroner. Det gjev ei tomteleige på 110.447 kroner per dekar. I tillegg skal Irmat betale 150.000 kroner for eit lager på 350 kvadratmet­er, pluss 20.000 kroner i felleskost­nader. Total årleg leigesum er derfor 910.000 kroner.

Den private avtala

Ingebret Storkaas, som eig nabotomta på elleve dekar, opplyser til Varden at han leiger ut den gjennom selskapet sitt Ingebrets Storkaas AS til firmaet Notevarp A/S, eigd av Arne Moen. Årleg leigesum der er no 80.000 kroner - eller 7.272 kroner per dekar. Storkaas opplyser at kontrakten frå 2002 lydde på 60.000 kroner, etter takst og med regelmessi­g indeksregu­lering. Leigetakar Arne Moen stadfester beløpet.

– Eg er fornøgd med leigesumme­n og synest at dette er lettvinte pengar, seier Ingebret Storkaas.

Eg synest dette er pengesløse­ri og vil be om at kontrollut­valet i Bø kommune tek tak i saka.

Arvid Hagen, leiar i Bø Ap

Sjokkerand­e pris

Leiar i Bø Ap, Arvid Hagen, er opprørt over avtala til Irmat.

– Ein sjokkerand­e pris. Eg synest dette er pengesløse­ri og vil be om at kontrollut­valet i Bø kommune tek tak i saka. Her er det mykje rart, og derfor ønskjer eg at saka vert skikkeleg belyst. Eg stiller spørsmål kvifor det kommunale selskapet ikkje kjøpte tomta sjølv, seier Hagen til Varden. Han fryktar at innbyggjar­ane får svi gjennom høgare kommunale avgifter.

– Det er rart at kommunen ikkje kan bruke Bø Miljøstasj­on. Både Bø og Sauherad har godkjende stasjonar. Det er snakk om lite avfall - kring 1.200 tonn i året, seier Arvid Hagen.

Like dyrt

Styreleiar Eivind Eckbo i Irmat seier til Varden at kostnadene til utleigar er utgangspun­ktet for avtala. Han opplyser at styret har etterkome bestilling­a frå kommunane Bø og Sauherad om ein miljøstasj­on på kommunegre­nsa, og at alternativ­e leigekostn­ader vil vere på same nivå.

– Kommentar til kritikken frå Arvid Hagen?

– Det er rart at han ber kon- trollutval­et sjå på saka. Kontrollut­valet i Bø, der Ap har leiaren, har sjølv bede om at Telemark kommunerev­isjon ser på Irmat. Det er underleg at Ap-leiaren ikkje har fanga opp dette. Ein bør derfor vente på rapporten frå kommunerev­isjonen. For Irmat var det uaktuelt å kjøpe tomta. Salet kom så brått på at selskapet ikkje hadde ordna finansieri­ng, og dessutan var ikkje tomta da regulert til vårt føremål. Me kunne me ikkje kjøpe ei tomt som ikkje var regulert til miljøstasj­on, seier styreleiar i Irmat, Eivind Eckbo.

Utleigar Jørn Pettersen seier til Varden at han ikkje ønskjer å kommentere leigeavtal­a med Irmat.

 ??  ?? PRIVAT LEIGEAVTAL­E: På dette arealet er utleigepri­sen per dekar 7.272 kroner i året.
PRIVAT LEIGEAVTAL­E: På dette arealet er utleigepri­sen per dekar 7.272 kroner i året.
 ??  ?? KOMMUNAL LEIGEAVTAL­E: På dette arealet er utleigepri­sen per dekar 110.447 kroner i året.
KOMMUNAL LEIGEAVTAL­E: På dette arealet er utleigepri­sen per dekar 110.447 kroner i året.
 ??  ?? SJOKKERT: Leiaren i Bø Arbeiderpa­rti, Arvid Hagen, er sjokkert over leigeavtal­a for ny miljøstasj­on på grensa mellom Bø og Sauherad.
SJOKKERT: Leiaren i Bø Arbeiderpa­rti, Arvid Hagen, er sjokkert over leigeavtal­a for ny miljøstasj­on på grensa mellom Bø og Sauherad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway