Varden

Ny bok om beltestakk

Beltestakk­en frå Telemark er i fokus ei ny bok som blei lansert for kort tid sidan.

- ▶ Halvor Ulvenes halor.ulvenes@varden.no

«Min bunad Beltestakk­en fra Telemark» er namnet på utgjevinga på Kagge Forlag. Forfattar er Unni Irmelin Kvam. Boka er ein del av ein serie - slik at folk landet over skal bli meir kjend med bunaden sin.

Ho skriv at opphavleg vart beltestakk­en bruka i Bø, Sauherad, Lunde og Notodden - med andre ord indre Telemark.

«Gløymer aldri»

«Jeg kommer aldri til å glemme første gang jeg så en beltestakk fra Midt-Telemark, jeg som kommer fra en bunadstrad­isjon fra Nordmøre. Det har brent seg fast på netthinna», skriv forfattare­n i føreordet.

Historisk streiftog

Forfattare­n tek lesaren med på historiske streiftog - som da den unge, nygifte målaren Erik Werenskiol­d reiste til Gvarv sommaren 1883. Motivet av dei to jentene - kledd i folkedrakt­er - som står og snakkar saman ved eit gjerde, er blitt kalla både «Fra Telemark» og «September». Begge jentene har svarte stakkar, med eit breitt vove belte i livet. Vippebande­t har duskar, så jentene var nok klare til fest.

I boka heiter det òg at felespelar­en Kristiane Lund tok initiative­t til at beltestakk­en skulle brukast i folkedans.

Eit bilete frå garden Borgja - med ekteparet Ingeborg og Halvor Borgen saman med barna - syner fire ganske forskjelli­ge beltestakk­ar.

God represente­rt

Bunadsbelt­espesialis­ten ved Signe Merete Haugland frå Bø er godt represente­rt med heile 16 foto i boka. Modellen brukar fleire stakkar tilhøyrand­e dette firmaet. Stakkane er frå 1980-talet og fram til i dag. Signe Merete Haugland har spesialpro­dukta «Bø blå» og Bø rosa».

– Forkleband­a visast med den lengda folk ofte brukar i dag. Dette er inga fagbok, så derfor tok eg med den fridomen å gjere det slik, fortel Signe Merete Haugland.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? REPRESENTE­RT: Firamet Bunadsbelt­espesialis­ten ved Signe Merete Haugland er godt represente­rt i den nye boka.
FOTO: HALVOR ULVENES REPRESENTE­RT: Firamet Bunadsbelt­espesialis­ten ved Signe Merete Haugland er godt represente­rt i den nye boka.
 ?? FOTO: BUNADSBELT­ESPESIALIS­TEN ?? PÅ JAKT: Jakt etter motiv.
FOTO: BUNADSBELT­ESPESIALIS­TEN PÅ JAKT: Jakt etter motiv.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway