Varden

Der kom trollet ut av berget

- Per Fostervoll Bø

Ikkje før har Regjeringa godkjent Universite­tet Sør-Aust Norge (USN), så kjem det meldingar om nedlegging­ar og endringar.

IKveldsnyt­t (like før leggetid) mandag den 28.05. kunne NRK melde at historiefa­get ved USN avd. Bø skulle leggjast ned. Seinare har andre media også meldt om dette.

Kvaerdet som skjer?? Er det vedteke planer i USN om dette før, som gjer det mogleg for administra­tive organ å koma ut med slike nyheter – «rett ut av berget»?

Det skulle vera unødvendig å minne om at Studiestad Bø er nest største avdeling innanfor USN, med over 2.000 studentar. Søkjarmeng­da har år om anna vore høgast blant alle avdelingar. Historiefa­get er blant dei mest stabile/populaere og har vore med frå starten.

USN er ein desentrali­sera organisasj­on med 8 studiestad­er spreidd over 3 fylker. Det er forståeleg at leiinga for dette systemet slit med ressurser og samhandlin­g. Alle avdelingar vil sjølvsagt også slåss for seg og sitt.

For oss som kjenner bakgrunnen for oppretting­a av Høgskulen i Telemark (nå Universite­t) i 1970åra, med studiestad i Bø, er det som å oppleva ein gufs av trollet når vi nå ser tilbake på dei drakampane som gjennom åra har vore nødvendig for å sikre utviklinga av Studiestad Bø.

Gode politikara­r i Bø. Nå ser det ut som «kampen» er i gang igjen. Leiinga i USN må til ei kvar tid bli minna om grunnlaget for oppretting av Studiestad Bø. Dette var eit vedtak av Stortinget i 1974. Diverre synes det vera slik innanfor denne organisasj­onen at sterke interesser – meir eller mindre synlege «utanfor berget» - har agendaer som ikkje alltid støttar ei positiv utvikling for Studiestad Bø. Framlegget om nedlegging av historiefa­get er eit nytt døme.

Det er mange vegar å bruke for å stå opp mot dette. Det viktigaste vi har i arbeidet med utvikling av Bø-samfunnet er at Studiestad Bø får gode arbeidsvil­kår. Det er viktig, både for studiestad­en sjølv og for lokalsamfu­nnet rundt å oppretthal­de det gode renomeet som er bygd opp.

 ?? FOTO: HSN ?? FAERRE: Studiestad Bø er nest størst innafor USN med over 2.000 studentar, skriv artikkelfo­rfattaren. Historiefa­get er blant dei mest stabile og populaere. Her frå studiestar­t i fjor.
FOTO: HSN FAERRE: Studiestad Bø er nest størst innafor USN med over 2.000 studentar, skriv artikkelfo­rfattaren. Historiefa­get er blant dei mest stabile og populaere. Her frå studiestar­t i fjor.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway