Varden

Vil ha full gjennomgan­g

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Formannska­pet vil ha full gjennomgan­g av Gullbring Kulturanle­gg. Det kan koste inntil 300.000 kroner.

Måndag gjorde dette politiske organet i Bø ei tilråding til kommunesty­ret om å løyve inntil 300.000 kroner til ein ekstern gjennomgan­g.

Svak likviditet

Bakgrunnen for saka er den vanskelege økonomiske situasjone­n med at eigenkapit­alen er brukt opp og selskapet har svak likviditet. Styreleiar Arne Rui sa til Varden sist veke at selskapet i realiteten er konkurs. I saksutgrei­inga går det fram at Gullbring Kulturanle­gg AS har eit samfunnsan­svar for å leggje til rette for aktiviteta­r og opplevinga­r, samt helse og levekår for innbyggjar­ane. Rådmann Åse Egeland skriv vidare at i ein ny kommune vil Gullbring ha ei spesielt viktig rolle som attraksjon­sfaktor for busetjing og lokaliseri­ng.

God stemning

I ordskiftet peika ordførar Olav Kasland (V) på at det ikkje finst personalut­fordringar i Gullbring, og at det er god stemning mellom dei tilsette. Han viste til at styret skal tilsetje ny dagleg leiar, noko nestleiar Svein Arntsen får ansvaret for. Kasland skisserte ulike moglegheit­er for Gullbring. Ifølgje Kasland kan eit alternativ vere at kommunen tek over alle aksjane. Han nemnde vidare at Bø kommunale eigedomsse­lskap tek over drifta, eller at det vert ei samdrift med kommunen. Kasland stilte vidare spørsmål om to millionar kroner i overføring frå kommunen er tilstrekke­leg.

Glenn Isaksen (Ap) støtta ordføraren, og sa at ein gjennomgan­g er på sin plass.

– Dette trur eg blir veldig bra, sa han. Bergit Askildt Myrjord (V) meinte det er viktig å undersøkje breidda og kva kommunen må betale framover.

Varaordfør­ar Borgar Torbjørn Kaasa (Sp) sa på si side at ei langsiktig løysing er viktig, slik at dei tilsette veit kva dei har å halde seg til.

Kven styrer i Gullbring?

Asbjørn Botnen (H) sa fyrst at han ikkje er glad for ein slik gjennomgan­g.

– Her er det noko som ikkje heng saman. Kven er det som bestemmer i Gullbring? spurde Høgre-representa­nten som viste til at anlegget har hatt svaert mange leiarar gjennom dei snart 25 år.

– Eg vil tru at talet ligg på 15-20, seier Botnen til Varden.

Bergit Askildt Myrjord repliserte at det Botnen peikar på er gode argument for ein ekstern gjennomgan­g.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway