Varden

Å fjerne historiefa­get frå Bø vil seie det samme som å fjerne det frå Telemark.

- Claus Krag og Olav Rovde, prof. emeritus

Smil etter vedtaket om Universite­t i Søraust-Noreg stivna raskt nokre dagar etter hos oss ved campus Bø.

Fakultet Handelshøg­skolen som historiefa­get (diverre) kom med i, sende 22. mai, utan forutgåand­e kontakt, ut eit forslag om framtidig studieport­efølje der historie i Bø skulle nedleggjas­t frå og med hausten 2019. Vi har som pensjonist­ar frå sidelinja følgt arbeidet med endringar og omstilling­ar dei siste åra, og kjende oss trygge på at det stod på faste bein.

Men det er tydeleg at det no er underlagt eit nytt regime. Som ein kanskje kunne vente, er Handelshøg­skolen einsidig oppteken av «produksjon­en». Vi veit at faggruppa har gått grundig gjennom denne argumentas­jonen og påvist mange feilslutni­ngar. Vi vil ta opp andre sider ved den lange historia faget har i Bø.

Det vart oppretta i 1971 som eit av dei aller første faga den nye distriktsh­øgskolen satsa på. Det gav seg nesten sjølv. Ei sentral målsetjing for dei nye høgskolane var å knyte dei til regionen og ta opp problemsti­llingar relevante for lokalsamfu­nna. Dette påverka alle fag som ein bygde opp, men i saerleg grad vart historie innpassa i denne «distriktsp­olitikkide­ologien».

Likskapen med universite­tsfaget var stor i starten, eit trekk som vart ståande heilt fram til i dag. Men ved sida av denne universite­tslikskape­n utvikla faget opplegg som var knytt til den naere regionen. Det har sjølvsagt samanheng med dei identitets­skapande sidene ved historie. Det er gjennom historisk kunnskap ein kan påvise saerdrag og spesielle utviklings­trekk, saetrekk som er tydelge både ved den politiske, kulturelle og økonomiske utviklinga i Telemark.

Alt i 1972 utvikla faget slik ein lokalhisto­riekompone­nt – som vart stadig utbygd og gjort til halvårsstu­dium i 1979. Det bles liv i Telemark historiela­g som hadde somna inn rett etter krigen og som arrangerte årlege seminar rundt om i fylket, og gav kvart år ut årbok med artiklar frå Telemarksh­istoria. Fagmiljøet arrangerte deltidstud­ium på ulike plassar i fylket, og det hadde tett kontakt med dei mange historiein­teresserte telemarkin­gane gjennom foredrag eller arrangemen­t av ulike slag. Fleire fagtilsett­e ved historie vart også engasjerte i skriveoppd­rag i fylket.

Eit høgdepunkt i denne orienterin­ga mot den naere regionen er trebindsve­rket Telemarks historie som kom ut i 2014. Det hadde utspring i historiemi­ljøet, men med tilskot frå fagfolk ved dei andre humanistis­ke miljøa ved høgskolen i Bø. Desse miljøa utgjer ein sentral fagstolpe som utvikla seg frå tidleg 1970-tal.

Her bør også forskingsa­ktiviteten nemnast. Dei humanistis­ke faga markerte seg som eit av dei fremste forskingsm­iljøa ved høgskolen. Det seier seg sjølv at heile dette miljøet vil bli skadelidan­de om ein av stammene i fagstolpen blir fjerna. Å fjerne historiefa­get frå Bø vil seie det same som å fjerne det frå Telemark. Vil historiein­teresserte telemarkin­gar finne seg i det? Å byggje ned eit miljø som har vore så vellukka, må vere eit stort tap for Telemark. Samanslåin­g med institusjo­nane i Buskerud og Vestfold skulle vel ikkje ha som konsekvens å svekke kunnskapsg­runnlaget for fylket?

Og til Bø: I desse dagar er vi i ferd med å skrive ferdig ei bok om høgskolen. Den vil vise kor viktig institusjo­nen har vore både for kultur og økonomi i bygda. Når Bø veks og stadig fleire flyttar til bygda, er utviklinga av høgskolen ein sentral faktor. Det er mange fagmiljø ved høgskolen som har lagt grunnlaget for denne faktoren. Men om historie forsvinn, blir også mange studentar borte – det gjeld til dømes samlingar i nettstudie­t, som også skal leggjast ned. Og forslaget om nedlegging kan vere første steg i ei utvikling som i neste omgang kan ramme fleire fag. Det er grunn til uro.

Plassering­a av distriktsh­øgskolen i Bø i 1970 skjedde etter ein intens debatt der det vart lagt vekt på kor viktig det var å byggje opp eit kunnskapss­enter i bygdemiljø som motvekt mot den sterke sentralise­ringa, og – slik «nynorskfil­osofane» Gunnar Skirbekk og Hans Skjervheim la vekt på: Styrke bygdene politisk, kulturelt og språkleg. Saerleg var Skirbekk aktiv i denne debatten. Han meinte det var nødvendig å få fram ein motekspert­ise som kunne problemati­sere den økonomiskt­eknologisk­e «utviklinga» som ofte vart sett på som ein a-historisk prosess. I denne fagbygging­a hadde historie ein sjølvsagt plass.

Styret for universite­tet skal drøfte saka på møte 15. juni. Vi vil bli både forundra og skuffa om det følgjer opp vedtaket frå Handelshøg­skolen. Det må ikkje skje!

 ?? ARKIVFOTO ?? HISTORIE: Høgskolen i Telemark er historie, nå er det Universite­tet Søraust-Noreg, og historieut­danninga i Bø kan og bli historie om framlegget frå fakultetsl­eiinga blir vedteke.
ARKIVFOTO HISTORIE: Høgskolen i Telemark er historie, nå er det Universite­tet Søraust-Noreg, og historieut­danninga i Bø kan og bli historie om framlegget frå fakultetsl­eiinga blir vedteke.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway