Varden

– Blei ikkje informert

Protokollt­ilførselen i styret om leigeprise­n for ny miljøstasj­on på Gvarv nådde ikkje eigarane av selskapet.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Som Varden fortalde i laurdagsav­isa, tok noverande nestleiar Helge Granlund ein protokollt­ilførsel på saka. Han var ikkje valt inn da den økonomiske avtala blei spikra. Granlund skriv i protokollt­ilførselen at leiga er langt over det han kallar eit normalt nivå. Irmat skal totalt betale 910.000 kroner årleg fram til 2040 - eller kring 20 millionar kroner totalt.

Null informasjo­n

– Me blei blei aldri informert om dette. Eg visste ikkje om saka før oppslaget i Varden, seier Bø-ordførar Olav Kasland før dagens generalfor­samling i Irmat.

– Det er eigarmøte før generalfor­samlinga. Der vil kommunen sin representa­nt be om informasjo­n. Kommunen ventar no på revisjonsr­apporten frå Telemark kommunerev­isjon om Irmat, seier ordføraren vidare.

– Kva synest du om leigenivåe­t?

– Det er høgt, svarar ordførar Olav Kasland.

– Det er tale om lite søppel og at Bø har eigen miljøstasj­on?

– Kommunesty­ret har bestemt at Irmat skal ta seg av renovasjon­en for Bø. Mottaket på Akkerhauge­n skal avviklast, det blir drive på dispensasj­on, opplyser ordfdørar Olav Kasland.

Hadde avtale

Som nemnd er det selskapet Babord AS, kontroller­t av Jørn Pettersen på Stathelle, som er utleigar av tomta. Av notat som Varden har fått tilgang til, går det fram at Pettersen hadde naer kontakt med Irmat da han kjøpte tomta på grensa mellom Bø og Sauherad.

«I mitt hode, og jeg tror for alle som var der, tenkte vi maks 8-8,5 mill kr som det høyst tenkelige. Når vi de facto måtte 2,5 mill kr høyere enn dette, i naert samarbeid og med «løpende godkjennin­g» fra Irmat pr tlf under budgivinin­gen, så må husleien fra Irmat reflektere ytterliger­e 2,5 mill i investerin­g. Dvs. 250.000 kroner ekstra per år», heiter det i notatet frå utleigar Jørn Pettersen.

Styreleiar Eivind Eckbo i Irmat stadfesta over for Varden at selskapet på førehand hadde inngått intensjons­avtale med Jørn Pettersen om leige av tomta.

Utleigar var styreleiar i Sunde

Det høyrer elles med at utleigar Jørn Pettersen var styreleiar i Sunde Transport fleire år før konkursen, og han var vidsare styreleiar i det nyoppretta selskapet Sunde Transport & Gjenvinnin­g i vel to år, fram til 28. november 2013, går det fram av det offentlege registeret i Brønnøysun­d. Sunde Transport er ein sentral aktør som hentar avfall for Irmat i midtfylket.

Varden har igjen kontakta Jørn Pettersen om utleigesak­a. På ny takka han nei til å kommentere saka.

Tause igjen

Varden

ønskte

å

stille

fleire spørsmål om desse forholda, men utleigaren ønskte ikkje å høyre spørsmåla.

– Elles takk, er hans

Styreleiar i Irmat, Eivind Eckbo, svara ikkje da Varden ringde han tysdag føremiddag. Avisa sende også sms med spørsmål om kommentar til at kommunen ikkje blei informert, men det kom ingen kommentar frå styreleiar­en.

▶ Halvor Ulvenes kommentar.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? INGEN INFORMASJO­N: Olav Kasland med fagleiar Ann Sissel Lyngen (t.v.) og rådmann Åse Egeland. Bø-ordføraren seier at han visste ikkje om striden i Irmat-styret.
FOTO: HALVOR ULVENES INGEN INFORMASJO­N: Olav Kasland med fagleiar Ann Sissel Lyngen (t.v.) og rådmann Åse Egeland. Bø-ordføraren seier at han visste ikkje om striden i Irmat-styret.
 ??  ?? INGEN KOMMENTAR: Jørn Petttersen ønskjer ikkje å kommentere saka.
INGEN KOMMENTAR: Jørn Petttersen ønskjer ikkje å kommentere saka.
 ??  ?? STYRELEIAR: Eivind Eckbo er styreleiar i Irmat.
STYRELEIAR: Eivind Eckbo er styreleiar i Irmat.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway