Varden

Ulven kan leve, men ikkje her

-

Alle dykk, Lizzie Putnam, Ragnar Hylland og Trond Andersen, skriver slik at me er ikkje einig om noko ting. Men Hylland skriver at det er ulv i 28 europeiske land og i 22 av disse meir enn 200 ulver. Ja, me må vel då vere einig om at det er noK ulv i Europa.

Mange av desse landa som har ulv har kanskje større eller mindre øyde land med litt vilt der ulven kan halde seg. Me her i landet har ikkje det. Her er folk og husdyr og hytter overalt. Mange har måtte slutte med husdyr. Det er og mykje ulv andre stader, til dømes Canada. Det må vere feil å sette ulven på norsk rødliste, og om det er 50 ulver eller ikkje hos oss har ikkje noko å seia blant de tusener og tusener av ulv.

Ein kan ikkje innføre ulv og så frede den der det bur folk med husdyr. Du skriver at Bernkonven­sjonen vil verne ville dyr i deira naturlege stader der dei alltid har budd. Men ulven har ikkje vore fast her i landet. Det er bare eit fleirtal i Stortinget som meiner det. Difor ikkje nokon fast ulv idag. Vekk med fredninga og me vil få det som alltid. Det vil kome noko ulv inn frå Sverige og Finnland.

Andersen skriver at eg er ein reddhare. Det kan du attende, for mindre redd enn eg har vore i livet er det få som er. Har vore ute for mykje meir enn deg, det er eg sikker på. Ein ulveflokk kan vere farli, det er loo prosent sikkert. Når me nå idag har ulv burde folk få greie på når ulven er farleg og når den ikkje er farleg. Eg har budd ei tid i saman med folk der det var ulv. Ulven som på ganske kort tid tar ein stor elg må vel og vere farlig for oss.

Alle som kjenner viltet vårt med dei norske rovdyra, ser at ulven er eit dyr som ikkje høyrer til her. Ulven har ikkje vore noko fast rovdyr her i landet. Om Dykk har god kjennskap til viltet vårt så la meg få svar på: Kvifor er mest alt vårt vilt redde for oss menesker? La meg få svar på dette. Det er bare bløff når hunden har skadd fleire mennesker enn ulven i de siste 200 åra. Sjølvsagt, me har så og seia ikkje hatt ulv dei siste 200 åra.

Eg har ikkje skrive at ulven eter opp all maten vår, men den eter av vår mat. Barbera Zimmerman tok doktorgrad­en ved å studere ulv blant anna maten den åt. Ein vanleg ulveflokk måtte ha 22 kg kjøtt om sumaren og 28 kg om vinteren. Ein ulveflokk drepte ca. l20 elg i året, men ein del kunne vere rådyr, hare, bever, sau og reinsdyr. Kan nemne at Nedre Elverum hadde løyve på 24 elg årleg, nå idag 5. Der er det ulv. Jegerane burde få erstatning for det tapet.

Prosten i Risør har skrive i protokolle­n sin i ca. 1780 at ein gut i 3-årsalderen blei tatt av ulv jolaften på tunet på ein gård. Dette er bevis på at det blei tatt meire enn ein. Til slutt vonar eg at nokon av dei som ikkje er redd ulv reiser til der ulven er og tar seg lange kveldsture­r i skogen aleine. Det er langt imellom ulvene vanlegvis så dei er vanskelige å treffe, men...

Olav Ettestad

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway