Varden

Da avlingane tørka bo

Katastrofe for jordbruket, vassmangel og s trau m rasjonerin­g. Slik varsom maren i Telemark i 1947.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Forskar Anita Verpe Dyrrdal ved Meteorolog­isk institutt opplyser til Varden at det denne sommaren for 71 år sidan kom det ved målestasjo­nen på Gvarv 7,1 millimeter nedbør i mai, 40,9 millimeter i juni, 44,4 millimeter i juli, 3,5 millimeter i august og 67 millimeter i september.

I den store tørkemånad­en august hadde målestasjo­nen i midtfylket 28 dagar med over 25 grader på den daglege målinga klokka 13. Det var berre ein dag med regn i august i 1947 og tre dagar i mai, ifølgje forskaren som voks opp i Bø.

Tom brønn

89 år gamle Olav K. Jørgedal på Stoklandhe­ia i Bø, godt kjend som mangeårig fylkessekr­etaer i Telemark bondelag, minnest godt den varme sommaren.

– Heime på Jørgedal gjekk brønnen sjølvsagt tom, så me la rør og pumpa inn vatn frå ein bekk i naerleiken. Det blei bruka ein traktor til pumpinga, minnest bøheringen.

– Det var god høytørk?

– Graset var naermast tørt da me slo det. Hesjing var unødvendig, det tørka godt på bakken, men avlinga vart mager. Heime er det skrinn jord, fortel den vitale pensjonist­en.

91 år gamle Borgny Eie i Eidsbygda i Nome budde også på gard den gongen.

– Det var veldig tørt over heile Austlandet, minnest ho.

Store oppslag opp vêret

Me nordmenn er kjend for å prate mykje om vêret, og det pregar oppslag i aviser og kringkasti­ng. Slik var det også i 1947, går det fram av gjennomgan­gen av Varden for dei tre siste kvartala av året.

Det var innslag om tørke tidleg på sommaren. Den 5. juni melder Varden på fyrstesida om «Gulldråper». Da hadde det kome kring 1,5 mm på brannvakta i Skien, og på Gvarv blei det målt 0,7 mm.

Frå slutten av juli og langt utover hausten hadde avisa vår det eine fyrsteside­oppslaget etter det andre om den ekstreme vêrsituasj­onen.

Vassforsyn­inga i Skien var prekaer: «Spar vann - det går an» er overskrift­a 12. august. Der blir lesarane oppmoda om ikkje å bruke ein dråpe for mykje, og at utan nedbør vil byen vere utan vatn om tre veker. Situasjone­n er så alvorleg som den kan bli, går det fram av oppslaget.

Ille på Gulset

På Gulset, Einaren og Vadrette i Skien blir situasjone­n skildra som «naermest ubeskrivel­ig» i ein artikkel denne hausten. Der var det 40 hus - deriblant åtte gardsbruk - som ikkje hadde innlagt vatn. Folk måtte bere vatn i 500-600 meter og folk vaska kleda i uttørka oller og bekkar der kyrne også la igjen sine «visittkort».

Anders Gregersen på garden Gulset fortel at han køyrer over tusen liter vatn til dyra sine kvar dag, og det tek tid. Gregersen håpar at styresmakt­ene tek tak i situasjone­n når avisa «rusker opp om saken». Hans kollega Aksel Frisk på Solheim gard er av same meininga. Mesteparte­n av tida går med til henting av vatn. Frisk meiner dei ligg langt tilbake i tida på Vestre Gulset, og spør når det skal bli ei endring av forholda.

Rasjonerin­g av straum

Laurdag 30. augustføre­bura vis ales a rane p ås trengs trau m rasjonerin­g iløpet av kort tid. Den 9. september er det nytt stort oppslag om at eit kraftig regnvêr dei neste vekene kan utsetje dagutkopli­nga av straum. Men det vart rasjonerin­g dette året, I Skien vart den innført 14. september. Rasjonerin­ga slo ut på mange måtar og råka også vår eiga avis. Varden fortel nemleg 4. oktober at annonsefri­sten for å få med lysingar i avisa neste dag er skuva fram til klokka 12, nettopp på grunn av s trau m rasjonerin­ga.

Stopp i Kragerø

Det ekstreme vêret slo ut på mange vis. I Kragerø-regionen og Drangedal blei det meldt om at bedrifter må stanse og lita vassføring­a påverka tømmerfløy­tinga rundt om i fylket. Tørken kosta landbruket minst 241,7 millionar kroner. men det var også lyspunkt, trass i mange negative oppslag. Det var eit yrande badeliv og i Siljan blei slåtten bra, heiter det i avisa vår. Det same var tilfelle i Rauland, der det blir meldt om godt og mykje for. Derimot mangla ein arbeidskra­ft til slåtten i fjellet, ifølgje Varden.

God dyrsku

Dyrsku`n i Seljord ser ut til å vere suksess uansett. I 1947 var dyrskuet det største sidan 1941, og 2.500 - 3.000 menneske på opningsdag­en. Om kvelden gjekk det varmt for seg - med ein del fyll og slåstkamp. Ein mann fekk ei tomflaske i hovudet og legekontor­et blei neste stoppestad for slåstkjemp­a.

 ??  ?? TOM BRØNN: Olav K. Jørgedal minnest at brønnen gjekk tom heime på Stoklandhe­ia i Bø og at
TOM BRØNN: Olav K. Jørgedal minnest at brønnen gjekk tom heime på Stoklandhe­ia i Bø og at

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway