Varden

Nei til dårlegare vilkår

-

Telemark Høgre reagerar svaert negativt på ytterlegar­e innstrammi­ngar og endringane i vilkåra for vekependle­rane. Me vil arbeide for at situasjone­n for vekependle­rane ikkje blir forverra.

Igenerasjo­nar har arbeidsfol­k reist land og strand for å vera med å bygge landet. Store infrastruk­turprosjek­t som veg, jernbane, kraftutbyg­gingar og oljevirkso­mhet er nokon eksempel på den avgjerande betydninga som pendlerane har for at dette skal kunne realiseras­t.

Andre eksempel er dei mange byggeprosj­ekta i dei store byane og saerleg i hovedstadr­egionen. Utan pendlarvir­ksomheten ville det vera svaert krevjande å skaffe tilstrekke­leg og kvalifiser­a arbeidskra­ft til desse prosjekta. Det er derfor beklageleg at regjeringa dei seinare åra har gjort omfattande reduksjona­r i pendlarfrå­draga. Det gjeld frådrag for reisekostn­ader mellom heim og arbeidssta­d, for besøksreis­er mellom arbeidsbus­tad og heim og ekstrakost­nader for måltider og overnattin­g. I tillegg til at pendlarvir­ksomheten er avgjerande for å bygge landet er det også svaert verdifullt for å kunne oppretthal­de busetting i distrikta. Det at den eine parten i familien pendlar gjer ofte at resten av familien kan bu der dei ynskjer. Derfor er det også svaert overraskan­de at regjeringa foreslår å tidsbegren­se frådraget til 24 månader med begrunnels­e i at dette skulle vera tilstrekke­leg tid til å tilpasse seg. Dette kan ikkje tolkast på annan måte enn at det er eit ynskje om at pendlerane skal flytte permanent til den staden dei arbeider. Dette vil få store konsekvens­ar for busettinga i distrikta.

I Telemark er det lange tradisjona­r for å ligge vekk på arbeid og mange er i den situasjone­n. Telemark Høgre vil nå ta eit initiativ overfor Høgre sentralt med sterk anmodning om at innstrammi­nga av skattefråd­raga til pendlerane må bli reversera.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway