Varden

– Det er nok ei misforståi­ng

-

Toppsjefen i Irmat, Stein Asmundsen, meiner det er ei misforståi­ng at Sunde Renovasjon og Gjenvinnin­g har invitert selskapet hans inn igjen i prosjekt om etablering av miljøstasj­on mellom Bø og Sauherad.

▶ Det skriv Asmundsen i ein E-post til Varden, sidan han ønskte å svare på mail. Varden konfronter­te han med det hemmelege notatet der det står at Sunde har invitert ( Sjå hovudartik­kelen).

Stempla hemmeleg

Asmundsen skriv følgjande: «Her er det nok en misforståe­lse. Invitasjon­en det refereres til er invitasjon til et møte for å diskutere mulig lokasjon for en felles gjenvinnin­gsstasjone­n for Bø og Sauherad. Irmatsjefe­n seier elles at selskapet var i sin fulle rett til å hemmelegst­emple referatet sidan dette var eit forhandlin­gsdokument. Når det er inngått avtale, kan det frigjevast, skriv han i svaret.

Veit ikkje

På spørsmål om Sunde sin opsjon (fortrinnsr­ett) til å kjøpe den aktuelle tomta, svarar Asmundsen at det vart opplyst i møtet 9. november 2015. Han veit ikkje om den faktisk er gjort gjeldande, går det fram av svaret.

Amundsen opplyser at eigarane ikkje er informert om det hemmelege møtet på Stathelle, men at dei er blitt løpande orientert om prosessen og problema med å finne tomt.

«Fekk oppdraget»

Odd Sunde , som også var på møtet, seier på si side at selskapet hans hadde invitert Irmat fordi SRG fekk oppdraget med å byggje miljøstasj­on.

– Det var i konkurrans­e med fleire andre. Eg blei spurt om eg hadde lyst til å vere med på møtet på Stathelle for eg kjente jo til Jørn Pettersen frå tidlegare. Irmat overtok prosjektet. Eg gav opp å finne tomt, seier Odd Sunde.

Jørn Pettersen, som eig utleigesel­skapet Brenna Stasjon AS, nektar framleis å kommentere saka.

– Elles takk, svarar Pettersen da Varden spør om kommentar til møtet

Fjerdemann som signerte møterefera­tet, daverande nestleiar i Irmat-styret, Inge Flaten, har ikkje svara Varden verken på telefon eller sms.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? Helge Granlund på årets generalfor­samling i det interkommu­nale selskapet.
FOTO: HALVOR ULVENES Helge Granlund på årets generalfor­samling i det interkommu­nale selskapet.
 ??  ??
 ?? ARKIVFOTO ?? TAUS: Utleigar Jørn Pettersen er taus.
ARKIVFOTO TAUS: Utleigar Jørn Pettersen er taus.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway