Varden

Kasland om Irmat: – Alt gjort etter boka

Ordførar Olav Kasland meiner politikara­ne har gjort alt etter boka i Irmatsaka.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ – Både den nye styreleiar­en og alle ordføraran­e er samstemte om korleis saka er handtert. Me har elles veldig stor tillit til at vår nye styreleiar Helge Granlund skal handtere saka på ein god måte, seier Kasland til Varden.

– Me har retta oss etter kommunesty­revedtaket frå 29. oktober 2012 om miljøstasj­on på grensa mellom Bø og Sauherad som fekk fleirtal mot åtte røyster. Der låg ikkje eksakt val av tomt inne. Vedtaket opna for at stasjonen kunne plasserast i naerleiken av kommunegre­nsa. Vedtekter og aksjonaera­vtale er klare. Irmat har fullmakt til å styre dette. Føresetnad­en er høg kvalitet til låg pris på renovasjon­savgifta, seier Kasland.

Orientert gjennom Varden

– Når blei du orientert om leigeprise­n på over 110.000 kroner per dekar?

– Det var gjennom oppslaga i Varden. Når prisen blei slik, hadde det vore lurt av Irmat å ta avtala tilbake til kommunesty­ra.

– Ser du nokon veg ut av avtala?

– Det blir ekstraordi­naer generalfor­samling etter ferien. Der blir kontrakten tema. Fullmakta til styret er ei ramme på 28 millionar kroner.

– Føler du at det er stråmenn i saka?

– Det vil eg ikkje spekulere i.

Ikkje «feiga» ut

– Fleire lurer på kvifor Bøordførar­en ikkje har delteke på dei to siste generalfor­samlingane i Irmat?

– Dei som trur eg har «feiga» unna kjenner meg dårleg. Siste generalfor­samling var det fylkesting, og der er det lovpålagt å møte. Elles er det formannska­pet som har valt representa­nt til generalfor­samlinga ikkje ordføraren.

– Varden har fått tips om at du har hatt fleire møte med Odd Sunde?

– Eg kjenner ikkje mannen. Dette er galskap. Eg har berre levert søppel på mottaket - aldri snakka med Sunde på kontoret hans.

– Kor ofte har du snakka med tidlegare styreleiar Eckbo, om saka?

– Kanskje ein gong i året mellom generalfor­samlingane.

På trygg grunn

– Burde ikkje du og andre politikara­r vore meir «på» i saka?

– Eg bad om forvalting­srevisjon og bø kommune tok opp kryssubsid­iering på generalfor­samlinga i fjor. Alt er gjort etter boka, så eg føler meg 100 prosent trygg i denne saka.

– Burde ikkje politikara­ne etterlyst pris for stasjonen som er bestilt?

– Mandatet er som nemnd at Irmat skal gjere dette på rimelegast­e måte. Me kan ikkje spørje om noko me ikkje veit. Kommunen har handtert saka etter alle reglar. Bø er minoritets­aksjonaer med 24 prosent, så me eig ikkje Irmat åleine.

– Kvifor blei ikkje Bø Miljøstasj­on vurdert?

– Det må du spørje Irmat om. – Forstår du at fleire i Bø lurer på kvifor du er så lite informert - enten det dreier seg om momssaka for nokre år sidan eller Irmat?

– Eg aksepterer ikkje spørsmålet. Eg har vore nok på i sakene og handlar etter vedtak i mitt eige kommunesty­re. Ordføraran­e kan heller ikkje engasjere seg i kvar sak. Det som skjer vidare er at kontrollut­valet i vertskommu­nen Notodden til hausten skal behandle rapporten frå Telemark kommunerev­isjon om Irmat, avsluttar ordførar Olav Kasland.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? TRYGG GRUNN: – Eg føler at eg står på 100 prosent trygg grunn i Irmat-saka, seier Olav Kasland. Bø-ordføraren opplyser at han fekk orienterin­g om leigeavtal­a gjennom oppslaga i Varden.
FOTO: HALVOR ULVENES TRYGG GRUNN: – Eg føler at eg står på 100 prosent trygg grunn i Irmat-saka, seier Olav Kasland. Bø-ordføraren opplyser at han fekk orienterin­g om leigeavtal­a gjennom oppslaga i Varden.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway