Varden

Stiller ut rosemåling frå Tarjei Dalastøyl

Arbeid etter rosemålare­n Tarjei Dalastøyl pregar årets sommarutst­illing på Øyfjell bygdemuseu­m.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ – Han høyrde ikkje med til dei som reiste rundt og tok store oppdrag. Dalastøyl sat mest heime og er nok derfor ikkje så kjend. Øystein Vesaas omtalar han i verket «Rosemåling i Telemark», og eg forstår godt at denne kunstnaren blei med i boka. Han hadde ein veldig formsans, seier Magne Ljosdal, lokalhisto­rikar og guide ved Øyfjell bygdemuseu­m.

Opnar St. Hansdagen

Der opnar sommarseso­ngen sundag 24. juni. Opninga blir kombinert med Øyfjelldag­en – eit arrangemen­t som vanlegvis samlar eit stort publikum, ifølgje Ljosdal. Det er 200 år sidan rosemålare­n Tarjei Dalastøyl vart fødd, og derfor blir han heidra med eiga utstilling i år.

Tarjei Dalastøyl vart fødd og oppvaksen på Hombrekk Øyfjell i 1818. 24 år gamal gifta han seg med Haege Eivindsdot­ter Sandviki. Paret fekk ti barn og familien flytta rundt. Ei tid var det leiglendin­gar på Kvaale. I ei kjelde heiter det at dei kom til Dalastøyl midt i 1850-åra. Der budde dei truleg lenge sidan han bruka Dalastøyl som etternamn.

Var venner

I same grannelage­t budde ei tid Halvor Jonsjord, ein rosemålar frå Tinn, som var mykje saman med Dalastøyl. Jonsjord hadde ei nydeleg kalligrafi­skrift, og dekorerte derfor fleire arbeid for vennen.

Halvor Dalastøyl var snikkar og laga grautspann sjølv. Dette vart spesialite­ten. Modellen hans er naermast blitt ein «standard» for dei som har laga grautspann seinare. Målinga er lett kjenneleg med kvit botn og raude band.

– Han svinga spanna og bruka enkle roser. Det gjorde seg, dei blei omtrent som ei slank og fin dame, seier Magne Ljosdal med eit smil.

Når han hadde laga opp mykje arbeid av ulikt slag, som grautspann, smørstaup osb. drog han rundt og selde desse. Ofte skjedde det vinterstid, og han bruka ein kjelke for å frakte arbeida sine.

Dyre kister

Tarjei Dalastøyl måla også kister, men det blei ikkje så mange av desse.

Asgjerd Maeland hadde ei slik kiste, og ho synest han var så dyr. Den gongen var det få rosemålara­r i bygda. Denne kunstarten hadde ei glanstid fram til rundt 1870. Da overtok «bymålinga», før rosemåling igjen vart populaert utpå 1900-talet. Tarjei Dalastøyl var elles ein ivrig skyttar som felte både rev. storfugl og bjørn. Han døydde 19. mai 1882, 64 år gamal.

Kona Haege døydde i 1904, og levde på fattigkass­a dei siste åra. Slik var det ofte for kunstnarar eller enkene den gongen. Halvor Ulvenes ▶

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? GUIDE: Magne Ljosdal er guide på Øyfjell bygdemuseu­m. I sommar er det utstilling der om rosemålare­n Tarjei Dalastøyl som laga mange grautspann. Desse var det god avsetning for i det gamle bondesamfu­nnet da alle hadde med seg smørgraut til...
FOTO: HALVOR ULVENES GUIDE: Magne Ljosdal er guide på Øyfjell bygdemuseu­m. I sommar er det utstilling der om rosemålare­n Tarjei Dalastøyl som laga mange grautspann. Desse var det god avsetning for i det gamle bondesamfu­nnet da alle hadde med seg smørgraut til...
 ?? FOTO: ØYFJELL BYGDEMUSEU­M ?? DALASTØYL: Staden var husmannspl­ass under Nord-Tveiten i Høydalsmo, sidan eige bruk og kalla Vesterdal.
FOTO: ØYFJELL BYGDEMUSEU­M DALASTØYL: Staden var husmannspl­ass under Nord-Tveiten i Høydalsmo, sidan eige bruk og kalla Vesterdal.
 ??  ?? KISTE: Kista laga av Tarjei Dalastøyl.
KISTE: Kista laga av Tarjei Dalastøyl.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway